Felles barn felles ansvar 2018

Fylkeskommunen arrangerer årleg konferansen "Felles barn, felles ansvar" saman med Norsk kulturskuleråd Sogn og Fjordane.

Tema på årets konferanse er korleis vi kan løfte i lag og få til gode satsingar og prosjekt på tvers av desse ordningane. Både KS og ordførarar frå kommunar i fylket skal få seie sitt om dette. I tillegg blir det presentasjon av prosjekt og satsingar i ulike kommunar.

Arrangør: Sogn og Fjordane fylkeskommune
: Sunnfjord hotell og spa, Førde
Tid: torsdag 20. september - fredag 21. september
http://www.sfj.no/konferanse-felles-barn-f...