Bilete bakfrå av ei jente i hengekøye som les i ei bok.

Aleine er du veldig aleine

«Vi seest i mars, då!» Så køyrde bussen, og eg sto att i støvskya. Aleine. Med den store sekken min, og ingen plan.

Å reise aleine er jo ingen sak. Det har eg sagt til venner, til folk eg kjenner litt, til mamma, til kjærasten min og meg sjølv. Er ikkje det litt skummelt å reise aleine i Sentral-Amerika? Det seier dei. Og eg seier «Pffth. Det er jo inga sak.»

Pffth'en har eg basert på nokre skråsikre teoriar som skal innlemmast i eit «difor er det lurt å reise aleine»-hefte.

Hopp i det. Foto Sigrid Skjerdal.jpg1. Når du er aleine kan du bestemme heilt sjølv kva som er neste stopp på vegen. Du kan sette deg på ein buss som går til ingenplass, eller sitte på rompa i fire dagar i strekk.

2. Du slepp å bli irritert over andre sine uvanar, for folka du heng med er nye bekjente som du kan dumpe på eit blunk om dei er teite. Du treng heller ikkje vere ueinig med nokon, som til dømes kva som skal etast til middag. Du kan faktisk ete frukostblanding til middag, om du vil. Gjorde det nettopp.

3. Det er skikkelig enkelt å bli kjent med nye menneske, sidan alle ser at du er einsam og vil vere venen din.

4. Du tek ikkje så stor plass når du er berre ein. Det alltid plass til deg i ein liten krok av herberget, eller i ei hengekøye bak dassen.

5. Du blir skikkelig god i spansk (eller teiknspråk) sidan du ikkje har andre sine gebrokne spanskkunnskapar å fylle ut dine eigne kunnskapshol med.

Beinharde argument?

Etter eit døgn som einsam vagabond har eg funne ut at det kanskje trengs eit hefte til.  «Difor er det også litt vanskeleg og kanskje litt skummelt å reise aleine»-heftet.

1. Du veit det området bak på ryggen du ikkje heilt når med handa, sjølv om du vrir armen over hovudet i ein vinkel som gjer at kuleleddet i skuldra truar med å hoppe ut av sporet? Der ja. Det er faktisk ikkje mogleg. Du har tre alternativ: Bli skikkelig solbrent og satse på at huda til slutt blir herda og superbrun, få framande menneske til å smøre deg inn med solkrem, eller alltid gå med t-skjorte. Også på stranda.

2. Når du reiser aleine og vil vere aleine, er du faktisk heilt aleine. Eg hugsar det var fint å ha nokon å vere aleine saman med.

3. Av og til er det bra å ha nokon å vere ueinig med. Det kan faktisk hende det er du som tek feil. Du har heller ingen å skulde på dersom alt går gale.

4. Ingen synes synd på deg dersom du blir sjuk.

5. Om du ikkje har Aurax i sekken har du ingen venner ved di side som har hugsa å pakke med seg alt, og trør til med ein støttande dært med krem i kløenøden. Sjukepleiervener med magiske medisinskrin som inneheldt salvar som kan kurere alt frå zika til oppkast veks ikkje på tre her i tropiske strøk.

6. Det er lettare å kidnappe ein person enn tre. Det trur eg ganske sikkert.

Slik. Då var punkta i «Difor er det også litt vanskeleg og kanskje litt skummelt å reise aleine»-heftet ute av systemet. Eg pakkar med meg «difor er det lurt å reise aleine»-heftet, og set meg på ein buss til Costa Rica. Og tenker at det blir fint å sjå mine fine reisekameratar igjen i mars, når eg har blitt solbrent på ryggen, vore litt einsam, teke mange dårlege beslutningar basert på ustabil magekjensle, klødd myggstikka mine til blods og hatt diarè aleine i bushen. Eg gidd faktisk ikkje bli kidnappa.

Kanskje har eg også hatt det litt kjekt. Kanskje har eg funne meg sjølv, og blitt fire hakk klokare.

Eg har i alle fall blitt ein månad eldre.

Eg gler meg.

Nosvemos, amigas!

Solnedgang. Foto Sigrid Skjerdal.jpg

 

Sigrid sin blogg: norwegiantravellerblog.wordpress.com

Kommentarer