5h 4szgepey

Foto: David Zadig

Anerkjenning, egna lokale, opplæring og kunnskap

Norsk Korforbund Sogn og Fjordane sitt innspel til ny kulturmelding

På innspelsmøte til ny kulturmelding i januar kom fleire kommunar, institusjonar og organisasjonar med innspel. Norges Korforbund Sogn og Fjordane løfta mellom anna fram at det frivillige kulturlivet må få større annerkjenning, behovet for eigna lokale og styrking av vaksenopplæringsmidlar. 

Norges Korforbund Sogn og Fjordane har 50 medlemskor og ca 1300 medlemmer. Kvart år har kora og distriktsleddet til saman mellom 100 -150 ulike arrangement rundt om i fylket.

For oss er dette viktige punkt i ei ny kulturmelding:

  • Det frivillige kulturlivet må få større anerkjenning.I dagens kulturpolitikk får aktiviteten i det frivillige kulturlivet alt for lite merksemd, sjølv om ein vel må kunne rekne det frivillige arbeidet innan kulturlivet som vår kulturelle grunnmur. Det er gjennom det frivillige arbeidet vi kan gje eit breitt tilbod til born, unge og vaksne i alle aldrar.
  • Vi treng eigna lokale til øving og framføring. Det går ikkje alltid å putte eit kor inn i ein idrettshall eller eit klasserom. Det blir nesten som å seie til eit fotballag at dei skal spele i ei skråning
  • Opplæring og kunnskap trengst også i det frivillige kulturlivet, for at vi skal kunne vidareføre kulturarven vår. Difor må vaksenopplæringsstøtta til kulturlivet gjennom studieforbunda vidareførast og styrkast.
  • For oss er det viktig å ha ein god kulturskule. Det er gjennom kulturskulane vi ofte hentar dirigentkrefter.
  • Det er og viktig å få støtte til dirigentopplæring og songopplæring. Med støtte kan Norges Korforbund tilby kurs som fremjar utviklinga i kora, og som igjen kan medverke til fleire songarar og nye kor.

Mottoet til Norges Korforbund er «Song Heile Livet», og det i seg sjølv seier noko om kor viktig songen og det frivillige arbeidet innan dette feltet er. Vi er ein frivillig organisasjon som er avhengig av at det vert sett av midlar til frivillig arbeid, slik at vi kan gjennomføre og oppretthalde dei tilboda vi alt har og samtidig utvikle nye tilbod og marknadsføre korsongen på ein god måte. Song er ein aktivitet for alle, uansett alder og nasjonalitet.

Kommentarer