Mann på bibliotek

Hageby bibliotek i Mirum Galleria i Norrköping. Foto: Ahmet Kurt cc-by-sa-nc

Biblioteket som inkluderande møteplass

Biblioteket er kanskje det kulturtilbodet som er mest nytta av innvandrarar. Kva er det som dreg innvandrarane til biblioteket, og korleis kan vi vidareutvikle tenestene til desse brukarane? Dette er nokre av spørsmåla som vert tekne opp på Kulturkonferansen 2016, 1.-2. april i Førde.

Lågterskeltilbod

Norge har ei innvandrarbefolkning med bakgrunn frå 221 land. I 2015 bur det vel 800 000 innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i Norge, nesten ei tidobling frå slutten av 70-talet (NTNU, Prat, les, klikk, 2015). Dei fleste kjem i dag frå ikkje-vestlege land, som arbeidsinnvandrarar, flyktningar, asylsøkjarar eller via familiegjenforeining. Det seier seg sjølv at dette er ei gruppe med stor variasjon når det gjeld arbeidserfaring og utdanning, kulturbakgrunn og verdigrunnlag. For offentlege institusjonar, som biblioteket, er det difor viktig å utvikle tenester som er differensierte og tilrettelagde for innvandrargruppene som bur i den aktuelle kommunen. Samstundes skal bibliotektenestene for desse gruppene ha same kvalitet som for resten av befolkninga.

Og biblioteket er eit tilbod som er svært mykje brukt av innvandrarar. Alle kommunar er pålagde å ha eit folkebibliotek. Du skal altså finne eit bibliotek ein stad nær der du bur. Du treng ikkje kjøpe billett for å kome inn på biblioteket, og du skal heller ikkje betale noko for tenestene biblioteket tilbyr. Biblioteket er ein arena som ikkje krev spesielle forkunnskapar eller som du må melde deg inn i. Det vert opplevd som ein trygg stad, difor vert det òg nytta av innvandrarkvinner og –jenter som elles ikkje deltek mykje i kulturaktivitetar. Terskelen er låg for å bruke biblioteket.

Ein open og inkluderande møteplass

Biblioteklova vart revidert i 2013, og legg no vekt på at biblioteket skal vidareutvikle si rolle som formidlings- og læringsarena. I endå større grad enn før skal biblioteket vere ein open og inkluderande møteplass.

Men kva er det biblioteket tilbyr innvandrarane utover å representere ein fysisk møtestad i nærmiljøet? Tradisjonelt er det samlingane av bøker og aviser på ulike språk som har hatt størst plass. Lydbøker, e-bøker og filmar betyr òg mykje når ein skal lære eit nytt språk og samfunn å kjenne. Filmatiserte bøker formidlar innhaldet i ein tekst på ein måte som kan hjelpe lesaren til å forstå betre. Samstundes er bøker, filmar og aviser frå heimlandet viktige for at den enkelte skal kunne halde kontakten til sin opphavlege kultur.

Amal Aden, forfattar og samfunnsdebattant, kom til Norge som 13-åring. Ho hadde levd som gatebarn i Somalia i fleire år, og fekk også ein tøff start i Norge. Møtet med ein annan kultur, barnevern og andre offentlege instansar vart krevjande. For Aden vart biblioteket svært viktig:

Jeg hadde aldri sett så mange bøker før. Det var overveldende. Jeg kunne verken lese eller skrive, men synet av alle bøkene gjorde meg nysgjerrig. Det var litteraturen som reddet meg. Biblioteket ble mitt fristed.

Det flerspråklige bibliotek (DFB) i Oslo har ansvar for å kjøpe inn og gjere tilgjengeleg litteratur på ei mengd ulike språk. Bibliotek over heile landet låner inn depotsamlingar frå DFB, og tilbyr bøker og filmar til brukarar sine frå desse.

Meir enn bøker og film

Bøker, aviser og filmar er likevel berre ein liten del av bibliotektilbodet til innvandrarar. Forskarane Berit Berg og Patrick Kermit ved NTNU har studert bibliotektenestene til innvandrarar ved fem bybibliotek (NTNU, Prat, les, klikk, 2015). Dei framhevar nokre tenester for denne gruppa som særleg sentrale, tenester som vi veit er representerte i mange bibliotek kringom i landet, også i vårt fylke:

  • Leksehjelp. Innvandrarbarn har ikkje same moglegheit som etnisk norske barn til å få hjelp med leksene av foreldra sine. Mange bibliotek arrangerer leksehjelp i samarbeid med Røde Kors.
  • Språkkafé (språktrening). På språkkaféen skal ein snakke saman på norsk. Oftast tek ein utgangspunkt i eit bestemt tema eller spelar spel som utgangspunkt for samtalen. I vårt fylke har til dømes biblioteka i Sogndal, Selje, Stryn, Førde, Leikanger og Vik språkkaféar.
  • Kvinnegrupper. Tilbodet er som namnet seier berre for kvinner, men har elles innhald mykje som ein språkkafé. Nokre gonger vert aktiviteten knytt til kulturopplevingar som teaterbesøk, konsertar eller husflidstreff.
  • Skriveverkstader. Her er målet å lage ein tekst, gjerne både på opphavleg morsmål og på norsk. Eit døme er Førde bibliotek sitt prosjekt Mangfald i nynorskens skog, der innvandrarar med hjelp av forfattaren Erna Osland har skrive tekstar som er utgivne i boka Det nye landet.
  • Lesesirklar der alle les den same teksten, og der deltakarane samtalar om si oppleving av teksten og drøftar ulike problemstillingar knytt til den.
  • Dataopplæring. Nokre bibliotek tilbyr eigne datakurs for innvandrarar der dei tek omsyn til dei tekniske og språklege utfordringane desse gruppene kan ha.
  • Leseombod. Frivillige les for innvandrarar og støttar dermed opp om læringa. Samstundes får den enkelte innvandrar eit større nettverk.

I ei rekkje kommunar formidlar dessutan biblioteket kontakt mellom etablerte innbyggjar og nye innvandrarar i kommunen gjennom ulike typar prosjekt. Eit døme på dette er Odda bibliotek med tilbodet Lån ein odding.

Bibliotek for integrering 

Biblioteksektoren har altså mykje erfaring å byggje på når vi skal tenkje framover – på korleis vi kan utvikle bibliotektenestene vidare. Stor tilstrøyming av flyktningar og innvandrarar dei siste åra fører med seg utfordringar både når det gjeld størrelse og innretning på bibliotektilbodet. Utfordringa i vårt fylke er mellom anna å ha opningstider som er romslege nok til at biblioteket vert eit reelt tilbod. Bibliotekavdelingane må vere der folk er, og dei må vere tilgjengelege når folk treng dei. Det er eit viktig poeng å ha med seg når kommunar slår seg saman. Større kommunar må ikkje føre til at dei lokale biblioteka forsvinn.

Vi har òg ei utfordring i å byggje kompetanse på dette området. Vi må vite meir om kva behov dei nye gruppene innvandrarar har og korleis vi kan møte desse behova. Og vi må ha ressursar til å kunne differensiere bibliotektenestene slik at vi kan hjelpe den enkelte i utdanning, arbeidsliv og fritid.

Det er mykje snakk om utanforskap i dag. Biblioteka har vist at dei fungerer som inkluderande møteplassar. Ved å syte for gode bibliotek kan vi bidra til at flyktningar og innvandrarar finn seg til rette og får moglegheit til å delta fullt ut i samfunnet.

Kommentarer