200 år med gløymske og minne

Vi feirar grunnlovsjubileum og ser attende på 200 år med demokratisk sjølvstende. Vi tek fram hendingar frå tida då grunnlova vart skriven og vert imponerte over innsatsen og kløkta som ligg bak dette verket. Eit av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sine bidrag i feiringa, er å skrive artiklar frå alle prestegjeld i fylket som knyter seg til tida kring 1814 og presentere historiske kjelder til 1814 og grunnlova. Kjeldene vi brukar har alle på sitt vis utgangspunkt i dokumenterte hendingar. Kyrkjebøker, dagbøker, adresser, brev, visitasmeldingar og folketeljingar er døme på primærkjelder til denne historia. Kjeldene er alle eit uttrykk for ein vilje om at hendingar skal dokumenterast.

Og så, i det folk knapt har fått av seg bunadene, pakka i saman faner og flagg og lagt sløyfene attende i kommodeskuffa, kjem Riksarkivaren med ei formaning om at det truleg vert vanskeleg å finne dokumentasjon om dagens hendingar 200 år fram i tid. I Aftenposten, 20. mai, skriv han om «En dement stat». Riksarkivaren sin otte er at vi ikkje skal vere i stand til å ta vare på og hente fram att den dokumentasjonen som vert skapt i dag, sidan det meste vert skapt digitalt. Innlegget til Ivar Fonnes var kanskje meint å skape debatt og blest, men det vart ikkje noko av. Det kan hende at tida var feil, og at innlegget drukna i andre nyhende, eller det kan vere at folk ikkje bryr seg særleg. Ein annan viktig årsak til at dette ikkje skapar debatt, er truleg at det er gamalt nytt. Dette er noko vi har vore klar over lenge. Riksrevisjonen slo fast for 4 år sidan at kommunal sektor ikkje var i stand til å bevare digitalt skapte arkiv på ein god nok måte, og sjølv den gongen var dette eit venta resultat av undersøkinga deira.

Frå arkivverket si side har det vore peika på budsjett og ressursar i årevis for å ta hand om utfordringane. I tillegg peikar Riksarkivaren på manglande vilje. Det er den norske stat som manglar vilje, seier han.

Det er for enkelt å berre sende kritikken oppover i systemet, og det er historielaust. Riksarkivarembetet har eksistert sidan 1840, og sidan 1904 har riksarkivaren også vore leiar for statsarkiva. Myndet til Riksarkivaren er heimla i arkivlova med forskrifter. Lova gir Riksarkivaren tilsynsansvaret for arkivarbeidet i offentlege organ, og mynde til å gjere vedtak om bevaring av private arkiv.  Knappe ressursar fører til prioriteringar, og tilsynsansvaret med til dømes kommunal sektor og vern av privatarkiv kunne truleg vore prioritert høgare. Det kan hende at prioriteringane har vore riktige og naudsynte, men moglegheita til å prioritere annleis har vore der.

Val og prioriteringar må gjerast på alle nivå, ut frå dei føresetnadene ein har. Staten og regjeringa gjer sine val, Riksarkivaren gjer val ut frå sine fullmakter, og arkivarar i private verksemder, kommunar og fylkeskommunar gjer sine val. Alle slike val er uttrykk for ein vilje om at hendingar skal dokumenterast. Denne viljen finst heldigvis mange stader, også der ressursane er knappe. Eit godt døme finn me i Lærdal. Lærdal kommune er i ei djup krise etter hendingane natta mellom 18. og 19. februar i år. Her kan ein verkeleg seia at det er knapt med ressursar. 40 bygningar vart øydelagde. 17 bustader brann ned og om lag 70 personar mista heimane sine og alt dei eigde.  Opp i alt dette har kommunen like fullt greidd å tenke at hendingane og attreisinga skal dokumenterast i alle sine fasar. Dokumentasjonen skal vere digitalt tilgjengeleg, og det er ikkje berre dokumentasjon som kommuneadministrasjonen sjølv skaper som skal bevarast. All medieomtale frå då brannen vart varsla og ei tid utetter skal samlast og dokumenterast. Motivasjonen er rein vilje, ein vilje som seier at historia skal sikrast for ettertida. Denne historia er ikkje berre eit minne om hendingane, men også nødvendig for å lære av hendingane. Lærdølene skal ha ein stor takk for at dei også sikrar denne lærdommen for andre.

Skriv ny kommentar