Sogn og Fjordane – eit born av opplysningstida!

Sogn og Fjordane feira i 2013 sitt 250-årsjubileum. På mange vis var det eit vellukka jubileum, som makta å setje fokus på mange av dei kvalitetane som ligg i fylket. Samstundes kan jubileet kritiserast for at ein har vore mest opptatt av å syne fram eigenarten, heller enn likskap med andre deler av landet og korleis impulsar utanfrå har bidrege til både skipinga og utviklinga av identiteten til fylket. Grunnlegginga av fylket i 1763, etter initiativ frå Joachim de Knagenhjelm, er eit godt døme på korleis fylket heile tida har vore påverka og forma av verda rundt.

Skrive av arkeologane Trude og Christoffer Knagenhjelm

Ein dag i Sogn i 1763…

Den 19. september 1763 vart Søndre og Nordre Bergenhus amt delt ved Kongeleg resolusjon. Namnet, Nordre Bergenhus Amt, held seg til 1919 då det vart endra til Sogn og Fjordane.

Korleis hadde det seg at Joachim de Knagenhjelm fekk til ei slik endring?  Sjølv om vi veit mykje meir om Joachim de Knagenhjelm enn vi veit om folk flest på 1700-talet, er det likevel lite kjeldemateriale som gjev direkte innblikk i kven han var. Det vi veit, er at han vart fødd den 29.mai 1727. Han vaks opp som nest eldste son i ein søskenflokk på 12. Med andre ord; han var ikkje arvtakar til Kaupanger Hovedgård. Likevel vart dette det første setet for amtet.

21 år gamal (i 1748) vart han uteksaminert frå Bergen katedralskole. Etter dette gjekk turen til København der han vart innskriven ved Københavns Universitet. Her tok han juridisk embetseksamen ni år etter (i 1757). På denne tida var København det absolutte sentrum i det dansk-norske riket. Skulle du ha moglegheit til å få embetsmannstilling, var du nøydd til å ha studert nettopp her. Dette er same tidspunkt som Ludvig Holberg var ein toneangivande aktør i København. Om Joachim de Knagenhjelm nokon gong møtte han, veit vi ikkje. Likevel er det ikkje utenkeleg at han har vore påverka av Holberg.

Etter juridisk embetseksamen i 1757 flytta Joachim de Knagenhjelm attende til Norge. I 1760 vart han fullmektig hos stiftsamtmann Ulrich von Cicignon, med sete i Bergen. Noko forenkla kan ein seie at Cicignon var fylkesmann for eit område tilsvarande dagens Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre til saman. Samstundes førte han overoppsyn med Nordlandenes amt (Nordland og Troms). Til saman utgjorde desse områda ei administrativ eining kalla Bergenhus stiftamt. Cicignon var ein eldre herremann, og for å lette stiftsamtmannen for arbeid, foreslo de Knagenhjelm å dele amtet i to delar, noko som vart gjennomført i 1763.

Norge og Sogn og Fjordane under dansketida

Embetsverket i Norge var bygd opp rundt det danske embetssystemet, med ein eineveldig konge på toppen. Samstundes var 1700-talet ei brytningstid. Opplysningstida, med Rousseau sine banebrytande bøker, skulle få store konsekvensar for korleis samspelet mellom folk, kyrkja og den eineveldige kongemakta vart oppfatta. 1700-talet er òg ein periode prega av konflikt mellom nasjonar, men òg mellom samfunnslaga. Sjuårskrigen (1756-63) mellom Storbritannia, Preussen og Hannover på den eine sida og Frankrike, Austerrike, Russland, Sverige og Sachsen på den andre sida, er eit godt døme på dette. I motsetnad til erkefienden Sverige klarte Danmark å halde seg utanfor krigen, men krigen fekk framleis stor påverknad på heile Europa. Det er innanfor denne brytningstida vi finn den unge Joachim de Knagenhjelm i Danmark. I denne perioden var Danmark-Norge meir eller mindre eit embetsstyrt kongedømme. Fredrik V var alkoholikar og lite interessert i å styre landet. Christian VII var sinnssjuk og stort sett ute av stand til å utøve nokon form for statsstyring. Det er likevel eit ope spørsmål om tilstanden til dei to danske kongane bidrog til det var mogleg å få stifta eit nytt amt i Norge. Vi skal heller ikkje sjå bort frå at Bergenhus stiftamt framleis hadde overoppsyn med Nordre Bergenhus amt, sjølv om det varte eige administrativ eining. Dette kan ha gjort det enklare å få aksept lokalt, hjå Cicignon, for å dele opp Bergenhus amt.

Det har vore diskutert kvifor Joachim de Knagenhjelm etter åtte år som amtmann i Nordre Bergenhus vart beordra til Nord-Norge. Det vert ofte referert til at Joachim de Knagenhjelm skal ha gjort ein dårleg figur under Strileopprøret i 1762/63. Då desse hendingane fann stad lenge før han vart amtmann i Nordre Bergenhus, er det grunn til å stille spørsmål ved denne teorien. Samstundes kan det ha vore dvelt litt for mykje ved spørsmålet om kvifor han fekk nytt embete. Historikaren Anders Timberlid har utarbeida ein oversikt over kor lenge amtmenn sat i fylket. Oversikten syner at dei sjeldan sat lenger enn 8-12 år, slik at det ikkje nødvendigvis er noko meir mystisk ved Joachim de Knagenhjelm enn dei andre amtmennene i fylket. Hovudforklaringa på kvifor han fekk ny jobbadresse kan vere ganske triviell. Då Søndre Bergenhus som stiftamt framleis hadde overoppsyn med både Nordre Bergenhus amt og Nordlendenes, var forflyttinga truleg mest å sjå på som jobbskifte innanfor same administrative eining.

Samstundes skjer det òg dramatiske hendingar i Danmark, som kan ha innverknad på jobbsituasjonen til Joachim de Knagenhjelm. Noko av forklaringa kan vere den markante J.F. Struensee sitt syn på adel og godseigarar. Struensee var opphavleg livlegen til Christian VII, men vart i praksis statsleiar av Danmark-Norge. Han var mellom anna sterkt inspirert av opplysningstida og innleia ein strøm av reformer i opposisjon til godseigarane. Om Struensee nokon gong involverte seg direkte i kva som skjedde i Norge er usikkert, men ein amtmann i Nordre Bergenhus, som ikkje berre var nært knytt til den rikaste familien i amtet, men attpåtil administrerte amtet frå hovudhuset til jordeigaren var neppe i tråd med ideala til den dansk-norske statsleiaren. Dette kan ha forplanta seg nedover i det administrative systemet. Slutten for Struensee vart riktig nok djupt tragisk. Han vart til slutt avsett og avretta i København i 1772.

Kvifor Kaupanger?

Kommunikasjon og samferdsle er to forskjellige ting i dag kontra 17- og 1800-talet. Å reise landevegs i Sogn og Fjordane kunne vere hardt, noko mang ei kjelde fortel. Her er det vel så interessant å sjå nærare på korleis folk oppfatta Kaupanger i si samtid. I biskop Johan Nordahl Bruns visitasjournal frå 1802 er Kaupanger nemnt som «det hjørne af verden der tiltaler mig fremfor alle». Mens Sorenskriver Fredrik Meltzer i 1811 noterte i dagboka si «I Kaupanger hos sorenskriver Knagenhjelm, hvor vi ble udmerket trakteret med Vin, Østers etc. …» Så kanskje var ikkje Kaupanger utanfor allfarveg likevel?

Avslutning

Folk i Sogn og Fjordane har alltid vore påverka av samfunnsutviklinga elles. Unionstida med Danmark, er ikkje noko unntak. I ei tid der Sogn og Fjordane i stadig større grad er avhengig av kontakt med verda utanfor, kan dette vere ei nyttig påminning. I tillegg  opnar eit blikk ut mot verda for nye, spannande perspektiv, både om ein ambisiøs amtmann og utforminga av eit fylke, som framleis maktar å skape debatt.

 

 

Kommentarar

Grei generell beskrivende folkeopplysning, men ser ikke helt hvilke konkrete spørsmål til debatt som her reises. Teksten er vel mer av opplysende karakter myntet på pensum i skoleverket. På hvilken måte evner Joachim de Knagenhjelm fremdeles å skape debatt i samtiden? Stig Eikaas

Selv som medlem av familien var dette delvis nytt, informativt og spennende. Vi kjenner jo ikke alle detaljene, men det å vite noe om hvordan historien ble formet blir en del av vår historiske bevissthet. Som "selvstendig" fylke kan vi i dag samle krefter for å løfte det fra sine fantastiske natur og kulturgitte forutsetninger og bygge kvalitet og verdi på toppen. Det er dagens utfordring.

Som historielærer er jeg enig i at kunnskap om fortid gir forståelse for samtid og framtid. Detter er generell logikk vi alle er enige om. Lokalhistorie er interessant. Ingen tvil om det. Mål om å bygge kulturell kvalitet er også et generelt mål ulike samfunn ønsker. Jeg problematiserte siste setning om påstanden "som framleis maktar å skape debatt" er relevant i større fora enn de lokalhistoriske og familiære miljøer. Det tviler jeg på. Din formulering var kanskje knyttet til en lokalhistorisk debatt med denne tidsperioden som fagfelt. Har det dukket opp nye ukjente kilder for dette temaet? Kjempespennende er temaet i seg selv. Opplysningstiden fikk også sine barn i Frankriket, USA, Norge. Fjell og fjordfylket hang seg vel på bølgen? Knagenhjelm var en kul fyr, men noen samtidsdebatt i fylket trigger han ikke til. Uansett retoriske øvelser med spennvidde. De fleste vet vel knapt hva et amt er. Det er bra at det skrives slike allmennyttige tekster alla Rune Slagstad. Om det egner seg på et forum som Kulturnett Sogn og Fjordane lurer jeg nå på. Her skal man vel prøve å skape debatt i samtiden for en noe større målgruppe? Gjerne med innlegg som kan irritere og provosere meddebattanter og andre som leser her. Påstanden til Miriam Prestøy Lie om at innlegg som er slitsomme å lese hindrer kommentarer tror jeg ikke noe på. Til tross for at langt de fleste bloggene her ikke er slitsomme og irriterende så er det nesten ingen som gidder, vil eller blir motivert til å kommentere. Fylkets 108000 tusen medlemmer som stadig forgubbes, vet kanskje knapt at denne bloggen eksisterer, og de såkalt kultiverte innen "kultureliten" som leser her velger å være tause. Ikke lett å bygge kvalitet på toppen da. Ytringsuenighet og slitsomme blogger bør etterstrebes, ikke politisk korrekt og høflig nøytraliseres, om målet er kulturell utvikling og kvalitet. Stig Eikaas

Hei Christoffer

Veldig spennende det du skriver om dannelsen av Sogn og Fjordane.

Er selv halv Nordfjording - med mor fra Nordfjordeid - mormor fra Gloppen og Breim

Ja det hadde vært hyggelig å høre fra deg.

Hilsen Rune

Skriv ny kommentar