Bilete av to fingrar som er teikna på og ser ut som to personar.

Bry deg!

Har DU fått eit spørsmål om korleis du har det, og svart at alt er bra medan magen din knyter seg, og du eigentleg vil knekke saman og fortelje at du ikkje har det så bra likevel? Du er ikkje aleine.

Steller du deg om morgonen, går på skulen eller på jobb, smiler og ler heile dagen, og kjem heim heilt tom på innsida? Du er ikkje aleine.

Vil du skrike med heile deg at du ikkje har det så bra, men du trur at ingen vil høyre, for det du føler er jo ikkje noko viktig? Det er jo så uendeleg mange som har det så mykje verre? Det stemmer ikkje. Det er alltid nokon som bryr seg. Eg bryr meg, for eg har vore der sjølv.

Eg veit du sikkert har høyrt det tusen gonger før, men det hjelper å snakke om ting ein har det vanskeleg med. Det hjelper å sette ord på dei følelsane som ligg så djupt inni deg og gjer kvardagen vanskeleg.

Er du ein av dei som tenkjer at det andre slit med er overdriven søking etter merksemd? At andre overdriv historier for å bli høyrd? Det burde du ikkje være.

Det å lytte til andre kan endre liv. Ein kan hjelpe så utruleg mykje berre ved å være eit medmenneske, og det krev så utruleg lite av deg som person. Alt du trenger å gjere er å lytte. Eg veit, for det var akkurat det eg trengde sjølv.

Martine sin blogg: rorleggjarfrue.blogg.no

Foto: Good friends av Juliana Coutinho (Flickr)

Kommentarer