Nye pengar, gamle prioriteringar

Musea i Sogn og Fjordane får 40 millionar kroner i årleg støtte frå stat, fylke og kommunane. Mykje friske pengar er tilført musea dei siste 10 åra. Her i fylket og i heile landet. Er det slik at nye pengar først og fremst held liv i gamle prioriteringar?

Publikum er ikkje vår greie, seier i grunnen direktør Morten Johan Svendsen, Sogn og Fjordane kunstmuseum, i NRK Sogn og Fjordane i dag fredag 11. mai.  Publikum? Kven?

www.digitaltmuseum.no, den nasjonale portalen som skal gi publikum tilgang til samlingar frå musea i Norge, har musea i Sogn og Fjordane lagt ut gjenstandar/kunstverk:


Alle musea kjem dårleg ut i eit større bilete. Dette er lite i 2012. www.digitaltmuseum.no er ein bra indikator på kor sterkt musea i Sogn og Fjordane satsar på Internett og digital formidling.  Svaret er klårt: dei satsar ikkje. Dette er lite å visa fram til 107.000 menneske i 26 kommunar.

Internett er no verdas viktigaste mediakanal. 46 % av alle nordmenn seier no at Internett dekkar deira interesser best av alle medier. Kan eigarane vera nøgde med dette? Er dette nok for 40 millionar?

Det handlar til slutt om folk i fylket og kva dei får att.

På ein stor konferanse i USA nyleg var det nett kunstmusea som fekk flest prisar for innovativ bruk av Internett for å nå publikum på nye måtar og dermed også nye og ukjende brukarar. Dei hadde teke publikum på alvor, året 2012 på alvor, og invitert til samtale og dialog på nettet. Dei fekk prisane for å kjenna sitt publikum. Publikum er vår greie, hevdar dei.

Eg snakka med Tate i London i vinter. Dei hadde snudd, nei vrengt, innsida på institusjonen ut.  Dei såg at auka satsing på Internett og sosiale media også drog fleire til utstillingane i musea. Dei har 500.000 som følgjer dei dagleg på Facebook og 350.000 på Twitter.

Besøkstala for musea her i fylket går bratt nedover.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har nett gått i gang med eit stort fylkessogeverk til mange millionar. Ikkje ei krone av dette er sett av til å formidla verket på nettet eller knyta verket saman med anna informasjon på nettet. Det er som å satsa all eigenkapitalen på nye dampbåtar når alle ser at no kjem motoren til å ta over. Publikum? Kven? Nye pengar, gamle prioriteringar.

Kommentarar

Kritikk basert på kunnskap er bra. Her kjem litt faktakunnskap:

Som konservator og ansvarleg for registrering av samlingane ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) ville eg gjerne lagt ut samlingane våre i sin heilskap på digitaltmuseum.no. Ingenting hadde gleda meg meir!

Problemet er berre at SFKM hovudsakleg samlar på kunst frå 1900 og framover. For å kunne legge ut kunstverk på digitaltmuseum.no per i dag, så er det minst problematiske om verka ha "falt i det fri", det vil sei at kunstnaren er død for minimum 70 år sidan og opphavsretten dermed oppheva.

Dei verka det er knytt opphavsrett til må vi betale vederlag for til kunstnarane via BONO eller direkte til kunstnaren. Slik det er no er det berre Nasjonalmuseet som har forhandla fram ein avtale med BONO. Nasjonalmuseet har byrja å legge ut ein del eldre og nokre nyare verk på digitaltmuseum. Prisen dei betaler kjem visstnok innunder kategorien «tilgjengeleggjering av arkivmateriale». Den prisen var i fjor akseptabel og difor byrja eg ved godt mot å legge ut verk òg frå våre samlingar etter jul i år. Så får alle kunstmusea i museumsnettverket vite at BONO har dobla prisane i år… Det førde til full retrett og avpublisering av dei om lag 150 verka eg hadde vunne å publisere på digitaltmuseum.

Om du tek ein kikk så vil du sjå at INGEN av dei andre norske kunstmusea har publisert noko på digitaltmuseum (vi er ein av dei få som i det heile har namnet vårt der). Dei sit på gjerdet og venter på at det skal komme til ein fornuftig avtale med BONO. Avtalen kjem ikkje av seg sjølv og eg trur ikkje personalet ved kunstmusea aleine har kapasitet til å kjempe den kampen. Det pressast på ovanifrå om at vi skal gjere samlingane tilgjengelege på nettet, men då må til dømes Norsk Kulturråd hjelpe til med å legge forholda til rette for ei slik tilgjengeleggjering.

Når løysingane på desse utfordringane kjem, og det er eg sikker på at dei gjer, så vil vi vere mellom dei første til å legge ut samlingane vår på digitaltmuseum etterkvart som vi registrerer dei i den nye kunstmodulen i Primus som kom for kort tid sida!

SFKM har ansvaret for om lag 3800 kunstverk. På ein dag utan avbrytingar klarar eg å registrere ca. 10-15 verk på ein grundig måte i Primus. Med tanke på at eg òg har andre arbeidsoppgåver som å forske, skrive og lage utstillingar så kjem det naturleg nok til å ta sin tid før alt er publisert, men det er særs motiverande å kunne sjå det ute "blant folk" på digitaltmuseum.no!

Som hovudredaktør for den nye fylkessoga for Sogn og Fjordane kjenner eg trong til ein liten kommentar. Det er rett at hovudmediet for publikasjon av fylkessoga er trykte bøker, og Internett-publisering vart aldri seriøst drøfta som eit alternativ. Det er fleire grunnar til det. Internett er tvillaust godt eigna til å publisere mindre tekstar som kan lenkast saman og lesast som hypertekst, men det er, så vidt eg kjenner til, ingen røynsler med vellykka internett-publisering av lengre, samanhengande fagtekstar som samstundes skal stette dei krava til popularisering som vi strevar mot i fylkessoga. Da måtte ein skrive og leggje til rette stoffet i eit heilt anna format enn når ein lagar ein boktekst, og det ville kreve ein god del utprøving (og heilt sikkert feiling) om ein skulle ha gjort dette prosjektet til eit pionerprosjekt i så måte. Da vel vi heller det velkjende bokformatet, som også mange av dei potensielle lesarane av verket er mest fortrulege med. Eg trur heller ikkje at rikt illustrerte, vakre bøker i stort format er eit "gammaldags" fenomen som berre folk over 50 har glede av og interesse for. Utviklinga i den internasjonale bokmarknaden tyder ikkje på det.
Vi tenkjer oss likevel å nytte nettet til ulike typar tilleggsaktivitetar i prosjektet, mellom anna knytt til 250-årsjubileet for opprettinga av Nordre Bergenhus amt neste år. Vi ønskjer kort sagt å kunne bruke Internett til slike formidlingsformer som nettet er veleiga for. Men også det krev løyvingar, og omfang og form er enno ikkje avgjort.

Verre er det ikkje

Hei Ingrid, og takk for svar.

Du peikar på alle hindringane, men ikkje alle dei store og små opningane. Dei er mange. Kunstmodulen i Primus kom vel og i 2009, så rett så ny er den ikkje.

 Det bur ca. 107.000 menneske i Sogn og Fjordane,  musea i fylket har om lag 105.000 gjenstandar i samlingane og grovt sett så har dei om lag 105.000 besøk (ikkje besøkande) i året. Eg trur ikkje det er nokon klår samanheng mellom  tala, men påfallande like er dei.

Bruk av nettet i formidling og dialog er ei rik og variert verktøykasse. Sogn og Fjordane kunstmuseum er privilegert med mellom anna Astrup og  Eikaas i portefølgjen. Kan utgangspunktet vera betre?  Dei er kjende kunstnarar, publikum er der alt og det er stort. I tillegg vil eg tru at folk i fylket er allment interessert i kunst på grunn av fylket sin historie på feltet.

Sogn og Fjordane kunstmuseum bør setja seg som mål å få 107.000 til å vitja dei på nettet om 1-2 år. Kanskje  har dei det alt? Bra. Då må målet setjast mykje høgre. 100.000 er berre 300 for døgeret og det er ikkje mykje.  På nettet er museet ope 24x7.

Nettsidene – den nye resepsjonen.

Me kjenner det frå hotella. Presentasjonane på nettet er deira nye resepsjonsdisk. Det skjer og med kulturinstitusjonane. Korleis dei tek i mot dei besøkande på nettet får meir og meir å seia. Er dei inviterande? Kva kan eg hjelpa med? Kan dette vera av interesse? Invitera til dialog, ha spanande tilbod, invitera til deltaking. Tenkt kva tilbod ein kunne laga med Astrup og Eikaas i portefølgjen.

Inviter folk i fylket til å meina noko om nettsidene. Korleis gjera dei  betre, korleis gjera dei til mellom dei beste i landet i sitt slag. Knapt nokon har betre utgangspunkt. Skap alliansar med publikum.  Kanskje NRK kan vera med å få ut ein konkurranse der vinnaren/vinnarane får ei Ipad. Oppgåva: Korleis skal Sogn og Fjordane kunstmuseum få dei beste nettsidene i landet? Kanskje kan ein invitera inn elevar  på medialinene ved dei vidaregåande skulane. Dei er morgondagens krevjande brukarar.

Johan Morten som videovert kvar fredag

Kanskje kan du Johan Morten, som er ein flink kåsør, ha eit 5 min foredrag kvar fredag som folk kan abonnera på eller fylgja online på video. Om eit verk, ein kunstnar, ein hending. Folk må få stilla spørsmål og koma med innspel.  Direktøren må gi av seg sjøl og visa at publikum er viktige.

Samlingane på nettet

Det kan verka som ei for stor oppgåve å få 100.000 gjenstandar på nettet. La oss leika oss litt med tal. Det har vore fire museum i fylket, Kystmuseet og musea i  Nordfjord, Sogn og Sunnfjord. Kva om kvart museum hadde som fast mål kvar dag å gjera klar 10 gjenstandar for publisering på Internett.  Det ville gje 40 nye gjenstandar for dagen, 200 nye kvar veke, 800 nye for månaden og kring 9000 nye på eitt år. I dag, etter 15 år med Internett, har musea i fylket vel 8000 gjenstandar ute på nettet. Hadde dei byrja med “10-for dagen” regelen i 2000, hadde alle dei 100.000 gjenstandane vore på nettet og Digitalt museum i dag.  Verre er det i grunnen ikkje. Det må inn i det daglege arbeidet. Det må prioriterast opp, og gjerne må noko anna prioriterast ned.

Ei utdøyande utstillingsform.

Eg trur at utstillingsforma med tause verk på tause vegger er ei utdøyande form for dialog og kommunikasjon med publikum. Me ser det mange stader.  Eg var på National Gallery i London i sommar. Alle verka i utstillingane hadde no fått korte digitale forteljingar på engelsk. 2-3 minutt for kvart verk. Eg storkosa meg. Til og med gamal kyrkjekunst frå mellomalderen vart interessant.

Før har eg vorte trøytt og snubla ut etter næraste kaffibar eller det som verre er etter 15 minutt.  Nettsidene til same institusjonen inneheld same tilbodet, eit rikt utval av foredrag, små forteljingar om verk, om tema og kunsthistorie med meir. Alt fungerer som ein heilskap.

Kva om Sogn og Fjordane kunstmuseum gjorde same og gjerne og inviterte publikum til både å yta og nyta på nettet?

Publikum må føla at den digitale resepsjonen er til for dei, at fagkunnskapen er open og tilgjengeleg  og at dei tilsette er synlege og inviterande. Verre er det i grunnen ikkje.

Jeg har nylig skrevet om hvorfor museene bør frigi samlingene sine her: http://oslomuseum.wordpress.com/2012/05/16/apner-billedbasen/#more-245

Gunnar Urtegaard bør taes på alvor av kunstledelsen i fylket. Her er det mye bra stoff for vår moderne tid innen formidling av kunst. Man må bruke teknologien for hva den er verdt. Når det gjelder bilder som oppleves direkte og fysisk på en utstillingsvegg har jeg størst glede av slike møter med kunsten, så her syntes jeg Urtegaard går litt i sorthvittfella. Men som både/og argumentasjon er jeg helt eneig med hans synspunkter. Klart det er interessant i ro og mak studere kunst hjemme på kjøkkenbordet. Anmodningen om at Morten Johan Svendsen bør ta seg av sitt publikum på alternativ måte er betimelig i betraktning den massive kritikken han får fra lek og lærd. Kosørforslaget var glimrende. Morten Johan Svendsen har hold på lenge i samme duren nå, så en helomvending de siste yrkesårene hadde ikke vært av veien. Se forøvrig artikkelen til Audun Eckhoff i Aftenposten 15/5-2012 om kunst og besøkstall "Fakta, illusjoner og feilinformasjon". Eckhoff har et helt annet syn på publlikumsoppmerksomhet enn Svendsen. Det er helt sikkert. Distinksjonen besøk/besøkende forsto jeg ikke.

En betimelig påminnelse fra Gunnar Urtegaard! Katalogisering og publisering av museenes samlinger er først og fremst et prioriteringsspørsmål, et spørsmål om ledelse av museene. Hvis ledelsen ikke prioriterer dette, skjer det ikke. Tiden må være forbi da dette arbeidet skyves i bakgrunnen fordi det tar tid og er ensformig, mens andre arbeidsoppgaver er mer attraktive. Vi kan være stolte av Digitalt Museum, og det er opp til museene selv å ta dette flotte formidlingsredskapet i bruk. Gjør de det ikke, gjør de ikke jobben sin.

Takk til Gunnar for eit engasjerande blogginnlegg. I ei tid der me her i fylket no dagleg vert fortalt i media og ellers kva musea skal gjere og ikkje gjere, er dette eit innlegg som viser ein retning.
Likevel er det eit provoserande innlegg, du provoserer meg til nesten å bli sint.

1.
I oversynet over kor mange gjenstandar som ligg ute på Digitalt museum oppgir du at De Heibergske Samlinger har vel 2000 gjenstandar. Går ein inn på Digitalt Museum ser ein at det rette talet er rett under 9000. Ein slik korreksjon betyr at det rette talet for utlagde gjenstandar er dobbelt så stort som det som blir oppgitt.
No trur eg ikkje at ein slik korreksjon får deg til å endre kritikken, men rett skal vere rett.

2.
Du skriv at musea satsar ikkje på digital formidling og Olav Aaraas fylgjer opp med at dette må prioriterast. Eg kan snakke for Sunnfjord Museum, og eg vil påstå at i den grad vi har prioriterte felt i museumsarbeidet så er eit av dei å få samlingane våre digitaliserte og ut på nett. Pr. i dag ligg 60% av dei registrerte gjenstandane våre på Digitalt Museum og meir kjem heile tida. 2 av 6 tilsette på museet har brukt størstedelen av arbeidstida si i vinterhalvåret til dette arbeidet. Men det er eit møysommeleg arbeid. Gamle protokollar og register skal gåast gjennom og sjekkast, og vi har bestemt at ingen gjenstandar vert lagde ut utan at det fylgjer foto med.

3.
Det er mange krav til musea frå styresmakter og mange pressgrupper med klare meiningar om kva vi burde drive med. Noko kan vi prioritere oss vekk frå, andre ting ikkje. I år er vi pålagde å arbeide fram mot markeringar av grunnlovsjubileet i 2014, vi skal markere 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane fylke til neste år og markeringar for 100 år med røysterett for kvinner og både P. C. Asbjørnsen og Torbjørn Egner jubilerer. Vidare skal vi oppretthalde eit godt tilbod til skuleverket, gjennom utstillingar og undervisningsopplegg (500 skuleelevar på heildagsopplegg denne månaden). Bygningar og kulturlandskap skal vedlikehaldast slik at det er innbygande og kjekt for turistar og lokalbefolkning å komme på museet. Eit par timar med besøk av Dagmar i jula har mellom anna gitt oss eit ikkje planlagt ekstraarbeid på kring eit halvt årsverk.
Det er dei same tilsette som skal gjere alt dette, og eg har ikkje høyrt noko krav om at vi skal slutte med noko av dette. Men vi kjem til å fortsette å prioritere tilgjengeleggjering av samlinga vår, i første omgang kanalisert gjennom Digitalt Museum. Men vi vert ikkje ferdige første året, diverre. Ei meir realistisk målsetting er 5 år og kring 1000 gjenstandar i året.

Gu' kor hårsåre de er...
Gunnar Urtegaard har treft dykk på eit ømt punkt, den moderne og digitale formidlinga. Kvifor ikkje vedgå det med det same?
Og Urtegaard kan telje betre enn du kan det, Asbjørn Tyssen. Prøv ein gong til, du.

Kjekt å sjå alt dette engasjementet! Mangel på tid og ressursar sett i forhold til ambisjonar vil alltid vere eit ømt punkt :-)

Eg er ikkje kunstleiinga, så eg kan ikkje gjere prioriteringane, men eg er midt oppi det faglege arbeidet kvar einaste dag, og taler utifrå det.

Eg er ikkje ueinig med Urtegaard i at vi burde nytte nettet meir og betre. Samstundes trur eg framleis på magien som kan oppstå i møtet med eit verkeleg kunstverk eller ein gamal og godt brukt gjenstand. Ja, takk begge deler med andre ord. Eg har òg stor tru på å gjere musea meir "deltakande". Sjå den fantastiske bloggen: http://museumtwo.blogspot.com/ skreve av Nina Simon som òg har skreve boka "The Participatory Museum".

Utfordringane med opphavsrett og digitaltmuseum.no kan du Urtegaard som jobbar hos Norsk Kulturråd kanskje hjelpe oss med? Å publisere samlinga på digitaltmuseum utan bilete av kunstverka er meiningsløst, så før saka med BONO vert løyst vert vi, som alle dei andre regionale kunstmusea, diverre fråverande der.

Når det gjeld National Gallery så var eg der på "backstagebesøk" på ein studietur til London i mars i år. Dei har ei samling på om lag 2000 verk kor av ca. 1000 heng på vegg. Dei er 450 tilsette! Kor av ca. 200 er vakter og omvisere og dei resterande 250 jobber fast med museumsfaglege oppgåver. Det vert "litt" urettferdig når du samanliknar oss med dette enorme apparatet. Vi har per i dag 6 lokalitetar, 6 tilsette og om lag 3800 kunstverk å forvalte og formidle i tillegg til dei skiftande samtidskunst-utstillingane vi sett opp kvart år. På ikkje all for lang sikt håper eg vi kan få lagt til rette for digital formidling via QR kodar på etikettane og nettsida vår, nett slik som National Gallery og til dømes Bergen Kunstmuseum har byrja med, men det må som du seier først komme inn på prioriteringslistene.

No står Kunstmuseet og Kunstsenteret i Førde midt oppe i ein flytteprosess. Endeleg skal kunstsamlinga til SFKM og gamle Fylkesgalleriet som tilsaman tel om lag 850 verk av nasjonale, regionale og nokre internasjonale kunstnarar få ein stad å vise seg fram på skapeleg vis. Astrupsamlinga, Eikaassamlinga, Gjesmesamlinga og Svorsamlinga er skattar som vi er så heldige å ha i "stallen", ingen tvil om det! Nybygget i Førde vil gje personalet mykje betre arbeidsforhold, noko som vil komme desse samlingane til gode der dei er.

Til orienterintg er Eikaassamlingen en testamentarisk og kontraktfestet donasjon med adresse Jølster og Eikaasgalleriet. Forutsetniger for utlån skal være i henhold til signert testament og kontrakt. Dette til informasjon. Slik at begrepet "stallen" ikke blir feiltolket.

Stallen var positivt meint = som vi er så heldige å ha driftsansvaret for.
Som sagt: betre arbeidsforhold i Førde --> betre arbeid for samlingane der dei er!
d.s.

Så bra at du blir engasjert, Tysbjørn! Det var vel det Gunnar forsøkte å oppnå, og måtte enda flere hisse seg opp!
Jeg er overbevist om at dere jobber bra med dette på Sunnfjord Museum, og jeg snakker ikke ut fra Sogn og Fjordane spesielt, men ut fra erfaring fra museer over hele landet. Problemet er vel at vi har et stort etterslep fra tidligere tider fordi dette arbeidet har vært skjøvet i bakgrunnen i årtier, og ikke minst fordi vi har bak oss generasjoner med ustrukturert og ukritisk innsamling. Da du og jeg gikk inn i museumsverda, lå gjenstandene i hauger rundt forbi...

Jeg husker at da jeg kom til Maihaugen, vegret konservatorene seg for å ta fatt på den store oppryddinga og revisjonen av magasinene fordi jobben var så gigantisk. De hadde regnet ut at det ville ta 10 år minst å komme gjennom hele gjenstandsmassen med den bemanningen vi hadde. Derfor hadde de satt arbeidet på vent. Så fikk de ny avdelingsleder som organiserte arbeidet og gikk på jobben, og etter noen måneder var det grøvste unnagjort.

Jeg kjenner den håpløse følelsen fordi jeg har hatt den selv, men jeg har også sett at det nytter når man går på og får jobben gjort. Vi har alle våre svin på skogen, vi har alle rom for forbedringer i rutiner og framdrift. Norsk Folkemuseum ikke minst! Nettopp derfor trenger vi å dyttes og å motiveres, og kulturrådet er de rette til å gjøre det. Jeg gleder meg til å følge med i statistikken framover og til å se Sogn og Fjordane stige fram gjennom Digitalt Museum, sammen med de andre fylkene.Vi er på vei, og vi skal holde koken!

Kjør på, Gunnar! Dette er jobben din!

Eg har diverre ikkje stort meir hår enn Georg Arnestad, så spesiellt eigna til å bli hårsår trur eg ikkje at eg er. Men det er eit problem at har ein motforestillingar er ein hårsår og let ein vere å skrive/svare er ein (sannsynlegvis) feig. Då er alternativet å legge seg flat - ein mykje nytta disiplin for tida.

Eg meiner faktisk at det også må vere lov å seie at det er andre sider ved museumsdrifta enn digital formidling som er viktige, og det er heilt legitimt å bruke tid på det og. Med berre vel ei handfull tilsette deler eg Ingrid Norum sitt sukk over å bli samanlikna med store institusjonar i inn- og utland med store ressursar både personellmesssig og økonomisk.

Eg er samd i at vi burde vore komne lenger også her i fylket på dette området. Digitalt Museum, for å ta det, er eit glimrande verktøy til å få samlingane ut av magasina og la folk sjå kva vi har. Samstundes kan ein kommunisere med brukarane og musea får nyttig informasjon attende. Eg har sjølv vore med i brukargrupper i utviklinga av Digitalt Museum og ser difor sjølvsagt at det i langt større grad vert tatt i bruk både av musea og publikum.

Flatare legg eg meg ikkje-

Hei Ingrid og Asbjørn

Takk for gode og engasjerte innlegg. Set pris på det. BONO og Digitalt Museum skal eg merka meg. Takk for innspelet.
Eg har ikkje samanlikna kulturinstitusjonane i Sogn og Fjordane med store internasjonale institusjonar. Det var i alle fall ikkje mi meining.
Eg nytta National Gallery som eit døme. Det finst mange mindre og små institusjonar som har gjort noko liknande. Eg meiner sjølvsagt heller ikkje at den digitale opplevinga skal vera den einaste eller er den beste. Men gje publikum eit val!

Berre gjer da – nett som med tannpuss.
Å laga ei god digital forteljing til eit verk er ikkje særleg ressurskrevjande. Berre gjer da, er trener Yngvar Andersen frå Luster sitt slagord. Han mener me skal sjå på trening som tannpuss. Noko me berre må gjera. Eg trur at kulturinstitusjonane i langt større grad enn til no må sjå på digitalisering og digital formidling som tannpuss. Noko ein berre må gjera. Om ikkje så vert fasaden fort litt rusken.

Du Asbjørn og dine kollegaer på Sunnfjord Museum er godt i gang. Du ser framover dei neste 5 åra. Har ein plan og eit omfang som er realistisk for din institusjon. Bra. Når ein først har fått eit godt og breitt digitalt innhald ut, opnar det seg mange nye muligheiter. Utan innhald, ingen tenester.
Digitalt museum er vorte ein flott kanal, og endå flottare vert den. Snart kjem lyd og video og som nye spanande tenester. Digital formidling og digital tilgang er så mange ting. Sjå dei mange muligheitene! Det er for lett å peika på hindringane!

Ein ny kontrakt med publikum - som du aldri kan bryta.
I går skipa Norsk kulturråd til digital fagdag og tema var” Er mogondagen mobil”. Innleiar frå Østfoldmuseene, Hege Hauge Tofte, fortalde om arbeidet i Østfold. For eit par år sidan valde dei å ta digital formidling og digital tilgang på alvor. Dette endra institusjonen og folka som jobbar der for godt. Det var heller ingen veg tilbake, sa ho. Eg hugsar godt det same frå mitt arbeid i Fylkesarkivet. Straks me byrja leggja ut samlingane på nettet, hadde me inngått ein ny avtale med publikum. Som me aldri kan bryta!

Eg trur kulturinstitusjonane må tora å ta det steget. Gjer som Asbjørn, planlegg kvar du skal vera om 5 år. Les og bloggen som Ingrid viser til: http://museumtwo.blogspot.com/.! Berre gjer da. Kvardagen vert mykje meir spanande. Publikum set og stor pris på det.

Betyr vel litt det og Morten Johan - eller?

Av og til vert det feil når ein rakar alle med same kammen. Eg inviterer deg til å vitje oss på Norsk Reiselivsmuseum neste gong du er heime i Balestrand. Vi skal då orientere deg om planane for det nye museumsbygget og korleis vi har tenkt å nytte Internett nå det står ferdig. Eg trur du vil bli gledeleg overraska.
Vi har ein person som nå dagleg registrer gjenstandar, utan sikre lønsmidlar. Du veit like godt som meg at dette ikkje kan gjerast utan pengar. Kvar er dei nye pengane? undrar eg. Korleis kan ein tru at to personar kan bygge ut eit museum på mest 2000 m2 utan at ein har lønsmidlar, er meg ei gåte. For tida brukar eg all mi tid på å skaffe sponsorar, og det er krevjande. Vi har e-planar i massevis, men berre gamle pengar.
Så til orientering: vi har fleire registreringar enn dei du viser til og innhaldet i museet er ufatteleg spanande!
Eg tillet meg difor å endra overskrifta di: «Nye pengar, gamle prioriteringar» til «Nye planar, prioriteringar og masse glød, men berre gamle pengar.»
Mottoet vårt er: «Brukarane – brukarane – brukarane på alle alderssteg frå alle nasjonar»!

Du er hjarteleg velkomen og det er alle andre også våren 2014, når museet opnar!

For ordens skuld, for ein som likar korrekte tal: Er talet på gjenstandar i digitaltmuseum.no frå De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum "rett under 9.000", slik Asbjørn Tyssen skriv, eller er det "2066", slik Gunnar Urtegaard skriv i hovudinnlegget sitt?

Det er nok Gunnar Urtegaard som har rett. De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum har publisert 2066 avfotograferte gjenstandar på Digitalt Museum. Eg har samtidig lyst til å trekkje fram den særs gode kvaliteten på arbeidet som er gjort med avfotografering på Nordfjord Folkemuseum. Flott jobba! Her har dei fleste musea i landet noko å strekkje seg etter.

Digitalt Museum publiserer informasjon om gjenstandar i musea sine databasar. Informasjonen kan vere i tekstform eller det kan og fylgje foto med. I eit enkelt friekstsøk i Digitalt Museum kjem det opp dei gjenstandane som har både tekst og bilete. For de Heibergske Samlinger vil då talet vere 2066. Dersom ein krysser av for treff også utan bilete er talet pr. i dag ca 11750 (kring 9000 på det tidspunktet eg skreiv kommentaren min)

Musea har ulik publiseringspraksis. Sunnfjord Museum publiserer berre objekt med bilete, De Heibergske Samlinger publiserer også utan bilete. Ser ein på Norsk Folkemuseum vil dei få eit treff kring 300000 objekt. Krysser ein av for treff også utan bilete er talet kring 360000.

Ein kan sjølvsagt ha ulikt syn på kva praksis ein skal ha, men eg vil halde fast på at dei tala eg oppga er dei rette.

Jeg vil bare tilføye at Sogn og Fjordane Kunstmuséum's Kome til deg i Tidende (som noen og 30 000 husstander i Sogn og Fjordane fikk i postkassen i forrige uke) har en egen blogg: http://gettingtoyoutidende.wordpress.com

Så langt har vi hatt besøk av 3500 av disse er godt og vel 50% fra utlandet (blir det å regne som turister?).

"Dei hadde snudd, nei vrengt, innsida på institusjonen ut. Dei såg at auka satsing på Internett og sosiale media også drog fleire til utstillingane i musea."

Det er det det handler om, tror jeg. På Ballrommet (Boltreplass for digitale aktiviteter på norske museer) har jeg skrevet litt om hva som må til for å få til dette.

Du må mene det
Sosiale medier er ikke gratis
Slipp til publikum

http://ballrommet.wordpress.com/2012/06/21/museet-i-den-ene-enden-av-ror...

Skriv ny kommentar