3nuts 5h 2h 5

På lokalet 2018 Foto: Espen Nyttingnes/Sogn og Fjordane Teater

Då teateret kom heim

Hugsar du teaterbåten MF «Innvik», den ombygde bilferja som i to tiår klappa til kais i alle tenkelege og utenkelege avkrokar på Vestlandet med kulturell last? Ferja enda til slutt permanent ved kai på Austlandet som bed-and-breakfast, før den seinare og med nye eigarar sprang lekk og sokk til havets botn. Ei trist historie, tenker du kanskje, men la oss minne om at det var båten - og ikkje teateret - som fekk sin lagnad som spikar. Bygde-Norge har større kulturelt spelerom enn kaier, for å seie det slik. For eksempel har vi ei rekke ungdomshus rundt omkring i (nesten) kvar minste bygd, og desse husa kan fungere utmerkt som teaterscener.

Eg hugsar teaterbåten godt. Og bokbåten Epos. Det rare er at éin episode har viska ut alle dei andre. Det var ein klovn. Han tok eine sokken min og lukta på den og gav til kjenne at den ikkje akkurat lukta Pep vaskepulver. Men det var ikkje det verste. Idet han returnerte sokken, kyssa han meg på kinnet. Eg var altfor veloppdragen (feiloppdragen?) til å gi uttrykk for raseriet mitt der og då, men på veg heim att fekk Besta i fulle drag høyre om at han der klovnen faktisk burde lære seg folkeskikk. 

Er ikkje det sjølve meininga med kulturen, at den skal vekke kjensler? Sinne, glede, sorg, latter - akkurat kva er ikkje så viktig. Berre det skjer noko der inne i det limbiske systemet i hjernen. 

Den grissgrendte busetnaden på Vestlandet gjer at mange bur langt ifrå dei største kulturhusa og den emosjonelle ventilen som teateret må seiast å vere. Oppdraget til Sogn og Fjordane Teater er å bringe scenekunsten ut til flest mogleg, og det er eit oppdrag som dei er både gode på og stolte av.

I 2016 gjorde teateret den genistreken å løfte teateret ut av kulturhusa og inn på ungdomshusa. Med det utvida dei talet på spelestader dramatisk. 32 bygdehus i Sogn og Fjordane og 11 i Rogaland og Hordaland har hatt - eller skal få - besøk av danseframsyninga «På lokalet». Til saman 52 framsyningar i 2016 og 2018. 

På lokalet 2018, Sogn og Fjordane Teater

«På lokalet» er basert på ein idé av teatersjef Bodil Kvamme. Ho voks opp i urbane strok, men hadde ein far ifrå Angedalen i Førde og hadde mange somrar der. Det var «kulturkræsj». 

- I tenåra tok kusinene mine meg med på dans på lokalet. Eg var livredd for å bli bydd opp til dans, men gøymde meg så godt eg kunne og såg på med store auge. Eg hadde aldri sett noko liknande!

Slik gjekk det til at Bodil Kvamme blei kjent med eit hus som er så mykje meir enn eit hus. Kjært barn har mange namn: lokalet, ungdomshuset, forsamlingshuset eller grendehuset. Folk er glade i huset sitt, og dei støttar opp om det og tek vare på det gjennom mange og lange dugnadstimar. Koreograf og regissør Arne Fagerholt har også tatt på alvor at det under den vasskjemde luggen og inni dei store skulderputene er det levande menneske som har gleda seg i dagevis og brukt timar på å gjere seg klar til den store erobringa. 

Ikkje eingong Sogn og Fjordane Teater innsåg kor djupt desse kjenslene stikk, då dei bestemde seg for å sende stykket på turné til ungdomshusa. Eller heim til folk, om du vil. Det var lange køar og trengsel i dørene. Teateret sette opp ekstraframsyningar og la til spelestader, men til slutt var det inga bøn. Siste klinedans tona ut. 

Etter tallause oppfordringar har Sogn og Fjordane Teater no gjort det einaste riktige: Dei har sett opp ein ønskereprise, og i løpet av våren skal stykket turnere i vestlandsfylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. 
 
Sjølv reiste eg heim att til barndommens øy og såg framsyninga i huset «mitt»: Atløy Kulturhus. Her har eg gått ut og inn i mange slags ærend, ikkje minst på dans. Dette var tilbake i dei dagane då ein slapp inn så snart ein nådde konfirmasjonsalderen, eller endå tidlegare viss foreldra passa sånn nokolunde på. Vi sprang «bortom nova» og øvde på nokre dansetrinn, og så bar det inn att for å praktisere dei nylærte «moovsa». 

 

Mørket seinkar seg. Berre «stjernene» frå diskokula lagar ein mjølkeveg tvers over takhimlingen og gjer det velkjende rommet om til eit heilt nytt univers. Så blir rampelyset tent. Publikum er med frå første sekund. Idun Losnegård i rolla som storrøykande vaskedame haustar latterbrøl, og resten av dansarane får applaus idet dei erobrar dansegolvet ein etter ein. Ensemblet svingar seg gjennom fem tiår med danse- og klesmotar. Det er rørande, komisk og stilig. Men det er ikkje berre ukomplisert. Klåfingra mannfolk blir gjort til skamme, og måten vi behandla dei såkalla «tyskertøsene» på blir langt på veg beklaga på heile nasjonens vegner. 

Og her ligg kanskje svaret på kvifor dette stykket er så populært. Det er ekte vare. Stykket møter folk der dei er heime, ikkje berre i husa deira, men i minna deira, i hjarta deira og i familiehistoriene deira. 

- Eg har tru på kultur som reseptfri medisin. At folk kjem seg ut og får le i lag gjer noko med oss som menneske, og det gjer noko med fellesskapen i lokalmiljøa. Slagordet vårt er kultur der du bur, seier leiar i Folkeakademiet Askvoll, Anja Grov Johnsen. 

Og betre kan det i grunn ikkje seiast. 

Sogn og Fjordane Teater sine nettsider kan du lese meir om framsyninga, og på Flickr kan du sjå fleire bilete frå framsyninga 

Kommentarer