Madlen Lehmann

Det er ikkje nok på sikt

Kor mykje får du? Eller får du noko i det heile? Kanskje du ikkje får nok? Er det rettferdig?

Stipendordninga jf. §1 i lånekassen sine forskrifter DEFINISJON: 
Ektefeller: Personar som har inngått eit ekteskap etter ekteskapslova eller har eit registrert partnarskap etter partnarskapslova. 
Sambuarar: Personar som lever saman og har felles barn 
Forsørgjar : foreldre, steforeldre og personar som har tatt over foreldreansvaret Jf. Barnelova §36.

Det seiast også i Lånekassen sine reglar for grunnstipend 2015-2016 at: «De nye reglene for grunnstipend skal møte den reelle familieøkonomien på en meir treffsikker måte enn tidligere. Endringene fører til at det er flere som ikke lenger får grunnstipend, men satsene har øket noe"  Som då vil seie at begge foreldre har forsørgjaransvar. Grunnstipendet blir altså no behovsprøvd mot inntekta til begge forsørgjarane, uavhengig kor ein bur. I følge barnelova har begge foreldra ansvar for å forsørgje sine barn uavhengig kor barnet bur, det vil også seie at alle barn f.eks. har ein far eller ei mor. Dette vil då sei at alle skal ha to forsørgjarar. Forsørgjarane har plikt til å forsørgje deg fram til ein er 18 år, men også etter dette er dei pliktige til å forsørgje deg om ein skulle vere under vidaregåande opplæring.

Heilt ærleg så må eg nesten smile litt her eg sit av som det står skrive på lånekassen sine sider. For ingenting av dette stemmer overeins med det eg høyrer av andre. Meininga med den nye ordninga er at dei som har lite pengar skal få meir, ikkje at dei som har skal få meir. Då lurer eg på: Er det eigentleg rett at ein skal sjå på begge foreldra sine inntekter?

Tenk dykk ein ungdom som kun har kontakt med mor si, og han/ho har ikkje kontakt med faren i det heile, kjenner han ikkje, aldri hatt ein einaste samtale med han og har heller ingen relasjonar til han. Likevel så blir hans inntekter tatt med i betraktning når lånekassen skal velje og vurdere kven som skal få stipend eller ikkje. La oss då sei at han tener veldig mykje pengar som då gjer til at ungdommar får mindre pengar, fordi faren tener så bra. Men faktumet er at ungdommen ikkje har nokon kjennskap til dette og får ingenting ut av desse pengane. Så korleis skal dette vere ein rettferdig måte å dele ut stipend på? Korleis får dei som treng det, rett sum med pengar? For det er jo akkurat desse som treng dei pengane dei kan få.

Og så har vi dei som bur på hybel. Alle hybelbuarar skal ha bortebuarstipend, men ut i frå det eg har lest og høyrt er det veldig få som får pengar som dekker alt ein treng for å kunne bu på hybel. For ungdommane skal ikkje berre betale leige for hybelen og straum. Dei skal også ha pengar til mat og drikke, til kollektivtransport om det så skulle vere nødvendig og dei treng også peng til det sosiale, for alt kostar pengar no til dags. Ungdommar er nøydd til å vere aktive og sosiale elles vil dei bli utsett for sosial angst. Men korleis skal ungdommar ha råd til alt dette pluss at elevane sjølv lyt kjøpe inn utstyr om dei f.eks. går på ein yrkesfagleg skule.

illustrasjon_stipend.jpg

Eg tenkjer at det er flott at på enkelte plassar blir det f.eks. arrangert bli-kjent fest. Dette er ein kjempefin måte til å komme seg ut på og bli kjent med nye menneske. Problemet då kan vere når inngangsbilletten er på 250 kr og du må ha pengar til å komme deg til og frå, og du ønsker kanskje å ete noko undervegs. Det kan fort då gå ein stor sum med pengar. Dette er noko hybelbuarar rett og slett ikkje har pengar til. Rett og slett.

Til slutt vil eg nemne litt om barnevernet. Ungdommar som vert forsørgja av eller er under barnevernet og søker om stipend frå lånekassen får som svar at dei kun vil få utstyrsstipendet på 900kr då eit barnevernsbarn også får støtte frå sjølve barnevernet.  Dei meiner då at det er nok pengar. Då tenkjer eg som sjølv blir forsørgja av barnevernet, at lånekassen tenkjer barnevernet har tilstrekkelig med pengar til alle. Barnevernet skal ikkje berre forsørgje meg og gje meg det eg treng. Dei har også mange fleire andre ungdommar som også treng pengar. Dei har kanskje opp til 20 eller kanskje fleire ungdommar som dei skal forsørgje og hjelpe. Og til og med eg skjønar at det er umulig.

Om alle ungdomar som blir forsørgja av barnevernet får som svar at barnevernet skal forsørgje dei så sliter både barnevernet og ungdommane. Dette har barnevernet verken peng eller kapasitet til det. Barnevernet skal vere ein vanleg forsørgjar på lik linje som andre menneske. Det står i paragrafen at ein forsørgjar kan vere ein annan person som har tatt over omsorgsretten. Det vil ikkje seie at sidan det er barnevernet så skal vi ikkje gi ungdommen pengar. Korleis skal det gå når eg feks. skal flytte på hybel? "Vanlege" ungdommar får ikkje tilstrekkelig med pengar eingong. Korleis skal det då gå med meg og dei som sit i same situasjon som meg.

Eg får ca. 900 kr heile 2015 OG 2016. Altså eg får berre utbetalt stipend ein gang. Grunnen er fordi eg blir forsørgja av barnevernet. Dette er ikkje noko som berre eg kjenner meg i igjen i, for det er mange som sliter i år og det er mange som har droppa ut i frå skule. Fordi dei ikkje har pengar til å verken gå på skule eller bu på hybel. Og fylkeskommunane er så opptatt av at det skal vere lite fråfall i skulane og minst mulig må droppe ut. Men i år droppar mange ut på grunn av mangel på pengar. Det syns eg er synd, for det kunne ha vore ungått!

(Dette innlegget er skrive av personlege erfaringar og tankar. Det er eg personleg som ønskjer forandringar.)

Kva tenkjer du om stipend ordninga?

Madlen sin blogg: madlehblog.wordpress.com

Kommentarer