Bilde av to smilande jenter

Det er våre liv

Samfunnet fortel meg at eg kan bli akkurat det eg vil. Være den eg vil og gjere det eg vil.

Men det seier også at eg må få meg god utdanning, og helst være best i klassen. Om eg ynskjer å bli skodespelar, ishockeyproff eller satse på noko som ikkje er heilt A4, bør den draumen leggjast på hylla så raskt som mogleg. Det er nemleg teit og urealistisk å håpe på å bli noko slikt. Aldri i verda om eg kan klare det, får eg beskjed om! Eg bør eigentleg helst bli lege, administrerande direktør, advokat eller i alle fall noko med status; slik at mamma og pappa blir stolte av dottera si.

Eg bør ikkje skilje meg ut på nokon som helst måte, heller. Eg skal jo sjølvsagt være meg sjølv, men ikkje slik at folk legg merke til at eg er annleis. For det er ikkje greitt. Kva er definisjonen på ”annleis”, sånn eigentleg? Når blei det sett ein ”normal”,  eit utgangspunkt for korleis alle skal være?

Når eg blir vaksen, må eg få meg jobb og gi att til samfunnet. Eg må bli ein del av det, eit medlem av flokken. Det er slik det skal være, tydelegvis. Livets sirkel. Ein har liksom så mange val, moglegheitene er endelause. Likevel kan det kjennest ut som om alt er bestemt på forhand.

Bli det du vil, du liksom.

Kjære alle foreldre, trenarar, lærar, generelt alle vaksne: Om tenåringen vil gå ein annan veg enn det du tenkte, enn det du trur er det beste; nokon gonger må ein berre finne ut kva som er rett på eiga hand. Utan prøving og feiling vil me etter kvart få eit samfunn av menneske som aldri har tatt ei einaste avgjersle og ikkje klarer å stå på eigne bein. Er det noko me ynskjer?

Så, ungdom: Eg fortel deg no at du kan bli akkurat det du vil. Du kan være den du vil og gjere det du vil. Ikkje bry deg om kva alle andre tenkjer, seier eller gjer. For når alt kjem til alt, så er det du som må ta den utdanninga, droppe den draumen, fylle dei krava, ha den jobben du ikkje trivst i, være nokon du ikkje er. Når alt kjem til alt, er det ditt liv, og det er du som skal leve det.

Ta dine eigne val. Ikkje lat nokon andre ta dei for deg.

Silje sin blogg: siljecarlsen.wordpress.com

Kommentarer