Foto: Jostein Vedvik / Jostein Vedvik photography

Foto: Jostein Vedvik / Jostein Vedvik photography

Du gjer meg kvalm

Eg har aldri følt meg så ille som idag. Dine ekle, spydige hatkommentarar gjer meg vondt. Det gjer meg kvalm å sjå at du kan ha så mykje imot andre menneskjer som er akkurat slik som du. 

Eit menneskje. Ei gruppe menneskje som kanskje ikkje har same syn på livet som det du har, og du ser på dei som kryp. Termittar du må bli kvitt. "Politikarane må stå imot Islam" seier du. Du skjærer alle over ein kam, sjølv om du kanskje innerst inne veit at det er fåtalet av muslimane som er for krig og elendigheit. 

Eg les artikkel etter artikkel der asylsøkjarane blir hengd ut. Artiklar om seksuelle overgrep og vald. Alt fokus på kva som er gale med asylsøkjarane. Akkurat som om dei alle er slik. Vidare delast artiklane med hatefulle kommentarar om at dei må vekk. Dei er berre lykkejegerar. 

Eg blir kvalm av ordet lykkejeger. Det gjer meg uvel. Kven er det ikkje som ønsker seg noko meir? Kven vil vel ikkje ha lykke? Og ikkje minst, kva er vel vi som sit med smarttelefonane våre og finn neste og beste fly til Spania? Er det berre vi som skal ha det godt? 

Eg blir kvalm av rasisme. Det gjer meg uvel. Eg blir sint, ordentleg forbanna. Hovudet kokar, og eg vil skrike så alle i heile verden høyrer meg. Kvifor kan du ikkje sjå at vi er alle like? Kvifor forstår du ikkje at vi alle er menneskje som føler hat, sinne, glede, kjærleik, frustrasjon og sorg på same måte? Kva om det var du?

Martine sin blogg: rorleggjarfrue.blogg.no

Kommentarer

  • Bloggen

    Flott Martine :-)

    2015-11-26 16:35:30
    [Svar]