illustrasjon_hender og globe

illustrasjon_hender og globe

Er alle like mykje verdt?

Eg er skuffa. Eg er skuffa over er at mange tenkjer at menneskjer er inndelt i forskjellige rasar, med forskjellige religionar, som om det skal ha noko å sei på kor mykje vi er verdt. Kvifor skal det stoppe folk i å samarbeide. Vi er eit folk, og uansett tru så har vi eit mål og det er å overleve dei åra vi har på jorda. Kvifor kan ikkje alle samarbeide for å klare det målet?

Fylkeskommunen starta eit prosjekt, som heiter «mine meiningar på mitt språk» og eg har så mange meiningar at det er vanskelig å skrive alt, men eg har eit par ord eg vil sei til alle! Du som bur i Kina, du som bur i Australia, og du som bur i Sør-Amerika. Europerane, amerikanarane og heile menneskeheita. Kva har skjedd med verda? Spør du dette spørsmålet til mange menneskjer blir svara veldig forskjellige. Det har skjedd mykje, men på same tid lite som er nytt.

Så kva har eigentleg skjedd med verda? Oppover åra har det alltid vore krig. Det har alltid vore klimaendringar. Det har alltid vore folk på flukt, og det har alltid vore rike og fattige folk. Så kva er forskjellen på verda vi lever i no og verda før? Jo det skal eg sei deg. Vi kan gjere noko. Vi som menneskjer kan gjere noko.

Før teknologien kunne ein ikkje samarbeide på same måte som i dag. Vi kan samle folk frå nesten alle nasjonar på eit møte i Berlin og diskutere alle verdas problem. Ta eit fly og du er framme på under 24 timar. Vi kan og bruke video for å kommunisere med folk langt vekke. Vi har dei ressursane vi treng og vi er smartare. Det er ikkje berre flyktningkrisa som skjer i dag. Det er mykje anna som ikkje blir satt nok fokus på, som til dømes ekstremfattigdommen, barnearbeidarar, skatteparadis, og naturkatastrofar, og ikkje minst psykisk helse. Det er mykje å ta tak i, og menneskjer arbeidar kvar dag med å løyse problema, men det er ikkje alt som blir løyst. Kva er det som gjer til at vi ikkje klarar å løyse problema? Klarar ikkje verda å samarbeide?

Child_labor_Artisan_Mining_in_Kailo_Congo.jpg

Kvifor må nokre sjefar sitte å bade i pengar medan arbeidarar tener nesten ingenting. Kvifor må nokon grave i jord og vatn, for å finne mineral. Mineral som skal bli brukt i telefonar dei som graver ikkje ein gong har råd til. Utan alle ledd klarer vi ikkje oss. Utan dei  arbeidarane som jobbar for ein luselønn så hadde ikkje dei som badar i pengar hatt det så bra. Vi som menneskjer hadde ikkje hatt det bra. Alle burde bli lønna godt nok til å ha eit godt liv, men verda er i ubalanse.

Verda er i ubalanse fordi alle har ikkje like rettar. Nokon får gå på skule og lære kva som er rett og galt og nokon er heime og lærer ting frå ei bok som blei skreve for fleire hundre år sidan. Nokon får den hjelpa dei treng for å ordne psykiske problem, medan andre ikkje får det. Folk flyktar frå landet sitt fordi det er krig og konflikt der, medan andre sit heime å spelar skytespel. Ser de kontrastane? Vi må gjere noko med dette. Alle menneskjer er like mykje verdt på denne jorda. Viss jorda var ein by, så hadde alle tenkt at alle er ein del av den. Vi må vise respekt for alle. Vi er alle ein del av noko som er vårt og vi må ta vare på det og dei som gjer til at vi kan leve her.

21272532991_65192e3b57_o.jpg

Eg er ikkje åleine om desse meiningane. I ein sak NRK publiserte 30.10.2015. Seier Besa Emini. «Slutt å se på oss som en utgift». Dette sa ho i ein respons til media sin konstante omtale rundt flyktningar og kva kostandar det kjem til å føre til for den norske stat og nordmenn flest.

Vi må samarbeide ilag med alle uansett kva hudfarge, kjønn og religion ein har og legge vekk alle fordommar sånn at vi kan gjere ein forskjell. Vi vil ikkje vere ein generasjon som alle andre før oss. Vi vil vere den som brukar rein fornuft, og kjempar med gode ord i staden for våpen.

Jostein sin blogg: vedvikphotography.wordpress.com 

 

Kjelder:

  • NRK: http://www.nrk.no/ostfold/_-slutt-a-se-pa-oss-som-en-utgift-1.12627547  (02.11.2015)

Bilete

  • Freedom House: https://www.flickr.com/photos/syriafreedom/21272532991/in/photostream/   (02.11.2015)
  • Wikimedia Commons: https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/d/dd/Child_labor%2C_Artisan_Mining_in_Kailo_Congo.jpg

Kommentarer