Bilete av natur i Sogn og Fjordane

Framtidsfylket Sogn og Fjordane. Foto Dag Henrik Nygård

Finare framtid du ikkje kan finne enn i fylket mellom fjord og fjell.

Sogn og Fjordane vert av somme kalla fråflyttarfylket, medan nokre av oss meiner det er eit framtidsfylke. Det handlar alltid om å sjå på det du fyrst legg merke til etter at du er flytta. Sogn og Fjordane arbeider no med ein framtidsplan for fylket generelt, ei lovpålagd oppgåve. Det beste er at dei skjønar at ungdomen er framtida, og sette difor opp ein framtidsverkstad for unge.

Statistikken viser at vi kan få utfordringar med folketalet, men mest med samansetnaden. Det kan verte mange eldre folk, og få unge til å take vare på desse. Framtida ligg i ungdomen, noko fylkeskommunen har fått auga opp for i denne samfunnsplanen. Dette meiner eg er viktig, av di det er heilt avgjerande for å leggje vekt på dei rette punkta i denne planen som skal famne om mangt og mykje.

Vi lyt skjøne at Kari i dalen, som ser fleire firbeinte enn tobeinte gjennom dagen, og som har besteforeldre sitjande på kår, utan kjennskap til korkje engelsk eller Internettet, kan få sjokk når ho byrjar på skulen i tettstaden. Sameleis kan det vere vanskeleg for Arne på øya å vere med på alle aktivitetane som «alle dei andre» er med på kvar kveld. Om han skulle vore med på alt, måtte han hatt eigen båt, for siste ruta er klokka åtte frå byen. Av og til må vi skjøne at desse berre ynskjer å kome seg bort, og mange seier gjerne at dei aldri i verda kunne tenkje seg å flytte heim.

Lat dei få kome seg ut, gjerne til storbyen. For nokre år må det vere heilt fantastisk å prøve det motsette. Kari kan no bu i eit kollektiv med folk på sin eigen alder, medan Arne kan bu i handlegata, soleis at han kan vere i byen medan brøddeiga hevar seg. Alle har vi godt av å kome oss ut for å kunne setje pris på det vi har heime, men òg for å lære nye ting vi kan take med attende.

Det er ikkje lenge dei skal vere i denne nye, på det tidspunktet fantastiske, situasjonen og under desse butilhøva, før dei reflekterer. Kanskje var det ikkje så gale heime som dei hadde trudd det var? Gjerne ville dei aldri vore utan denne herlege oppveksten som mange av dei andre så gjerne ville prøvd ut.

Mange tenkjer gjerne gjennom den fridomen det er å kunne køyre bil utan å sitje i kø og betale dyre bompengar når dei er heime i fylket på ferie. I tillegg var det ikkje så langt frå bygda og inn til tettstaden, for i storbyen lyt du skifte to trikkar og ein buss før du er framme. Familen kan du ha heilt i nærleiken, og ungar får vekse opp saman med besteforeldre. Frå desse kan dei lære mykje som andre aldri får lære, og som dei ikkje tenkte var mogleg. Denne stabiliteten er med å byggje sunn og skikkeleg ungdom, for vi kan lære mykje av dei eldre.

Naturen kjem òg inn som eit viktig tema seinare i livet. Dei som veit kva det vil seie å stresse veit òg kva det kan har å seie, både for kropp og sjel, når du kan kome deg ut i naturen. Her har vi naturen ikring oss, og han er korkje ureina eller øydelagd. Mange vil ha råd til å kjøpe seg større hus, med større hagar, noko som er perfekt for dei som skal vekste opp og verte aktive.

Vi lyt fokusere på det vi har, ikkje alt vi er utan. I den moderne tida lyt vi sjå til nyvinning og framgang, ikkje til utfordringar som gjer at vi tapar motet. Internettet, mobiltelefonen og videokonferansar er kanskje det beste dømet på at folk mykje heller kan setje seg til i fjellsida, med utsikt over fjorden, framfor å setje seg til i eit høgt, upersonleg bygg med trafikkstøy under eit lok av eksos og støv.

Borte bra, men heime best. Vi ser ei framtid i Sogn og Fjordane, framtidsfylket vårt.

Frå Dag Henrik sin blogg, Mine meiningar på mitt mål. Også publisert i Firdaposten (abo).

Kommentarer