Hadia Tajik snakkar til ungdom

Hadia Tajik snakkar til ungdom Jostein Vedvik

Følg din veg

Korleis vil livet mitt sjå ut om 10 år? Det er eit veldig godt spørsmål som eg tenkjer mykje på. Eg har draumar og ting eg vil oppnå, men kjem alt det eg ønskjer til å bli ein realitet? Det veit ikkje eg, men det eg veit er at eg har nådd alle måla mine hittill i livet med å jobbe for det. Eg vil fortsette å jobbe med måla mine, men det kjem til å bli vanskeleg. 

Det blir vanskeleg for deg og meg i framtida. Men vi må ikkje gje opp. Vi må gå gjennom skulen sjølv om vi tar oss ein månad ferie i norsk eller tar oss ein fridag heime. Eg trur alle kjenner seg igjen der. Vi må ta oss i nakken og kjempe oss gjennom desse åra med utdanning for å komme oss ut i eit nytt og vanskeleg liv. Eit nytt, vanskeleg og sikkert liv. Tenk på det du kjempar for. Ein går ikkje på skule for at det er gøy, ein går skule for å få eit godt grunnlag til vidare utdanning, og ein tek vidare utdanning for å bli kvalifisert til draumejobben. Alle har forskjellige draumar og alle draumar har sin eigen veg.

Vel din veg, men hugs å følg vegen heilt til enden. Ikkje gje opp medan du er på vidaregåande. Ikkje gje opp på ungdomskulen. Det er berre byrjinga, og du vil ikkje øydelegge moglegheitene for framtida. Nokon sluttar skulen bevisst for dei ser at skulen står i vegen for draumane, og eg skal ikkje klage på dei som vel den vegen. Så lenge ein har kontroll på sin eigen veg respekterar eg det.

Jostein Vedvik.jpg

Det er ikkje alltid lett å finne sin eigen veg. Eg er berre atten år, men eg kan trygt sei at livet følast som ein labyrint. Av og til går ein feil veg og må gå tilbake igjen for å finne seg sjølv, for å tenke på kva ein eigentleg vil. Kva vil vi?

Vi vil gjere det vi likar og vi vil gjere det som gjer oss glade.

Eg elskar foto og det er noko eg vil jobbe med kvar dag, men av erfaring veit eg at det er ikkje lett. Eg vil i alle fall kjempe for at eg får moglegheita til å leve av det eg likar å drive med. Det gjelder alle, kjemp for det du vil. Det er ikkje lett å bli lege, arkitekt, eller ingeniør heller, men viss ein vil nå draumane må ein gjere som Nike seier. Just do it. Gjer det som skal til sjølv om du må gå 16 år med skule eller jobbe deg oppover i mange år.

Eg skal ikkje stoppe nokon i å følgje sin veg, eg vil berre være sikker på at vi vel vår riktige veg. Eg skal kjempe for det eg vil jobbe med i framtida. Blir du med? Lykke til! 

 

Jostein sin blogg: vedvikphotography.wordpress.com

Kommentarer