Fridtjov Urdal fortel om skulekvardagen sin

Fridtjov Urdal fortel om skulekvardagen sin. Foto: Miriam Kayser Digernes/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fridtjov Urdal fortel frå si eiga skuletid

Prosjektet "Lev vel", Flora historielag og Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerte Forteljarkafe på Kystmuseet 6. oktober. Fridtjov Urdal haldt eit innlegg om si eiga skuletid som prosjektet "Skulen min" har fått lov til å transkribere og publisere her. God lesing! 

Artikkelen er kun tilgjenglig når logget inn.


Har du gløymd passordet?

Skulehuset

"I gangen var det eit lakka golv. Det heldt aldri opp med å lukte lakk. Eg kan endå kjenne den lakklukta i nasen. I enden av gangen var det ei hylle med krokar. Der kunne vi henge kleda våre. Også var det ein vask utan spring for det var ikkje innlagt vatn på skulen. Det henta vi i ei sinkbøtte frå ein brønn nokre meter frå bygget. Oppi bøtta var det ei aluminiumsause til drikkekar. Rett over bøtta hang det eit oppslag om at ein ikkje måtte drikke vatn av slike auser. Det las vi kvar gang vi drakk vatn frå bøtta. Frå gangen var det ei trapp opp til loftet. Der stod sjukekorga. Men den var så sjeldan i bruk at skaren brukte å ha reir i den.

Skulestova var eit enkelt bygg med eit rom. Pultane stod i tre rekkjer og det var ei tavle ved kateteret. På høgre sida stod eit stort skap med bøker, leksikon og anna lektyre som aldri vart rørt i den tida eg gjekk på skulen. Det var glas mot vest og mot fjorden. Det var mykje meir liv og ferdsel på fjorden den gongen enn i dag, og vi interesserte oss meir for det som føregjekk der ute enn det som skjedde framme ved kateteret. Innanfor klasserommet var det lærarkammers og kjøkken. Heile bygda brukte bygget og kjøkkenet til ulike arrangement. Basar og juletrefestar! Alt sosialt føregjekk eigentleg i skulehuset."

Friminutta

"Vi hadde ein skuleplass som var mura opp og hadde grus. Der leikte vi og mange fekk såre kne og hender. Ein av leikane var å springe rundt huset. Elles hadde vi ymse leik. Vi sprang etter kvarandre, hadde slåball og førte krig. Hærane var ikkje så store, men krig vart det. Og vi skaut kvarandre med trevåpen. Friminutta var kjekke og varte sjeldan for lenge."

Skulebøkene

"Vi var sju eller åtte elevar fordelt på sju klassesteg. Pensum høyrde vi då sju gonger sju gonger. Derfor så kan eg ein god del  ut av Nordahl Rolfsens leseverk meir eller mindre utanåt. Den gongen var ikkje leseverka tilpassa elevane, og vi var nøydde til å lese tekstar vi ikkje hadde føresetnadar for å forstå. Og dei tekstane kunne ein bære med seg slik at ein plutseleg ein dag merka at dette løfta seg frå undermedvitet til medvitet. Det er ei herleg oppleving av at ein har vakse som menneske når ein skjønnar kva ein ikkje har skjønt.

Eg skal gje dykk eit døme frå forfattar Rasmus Løland. Historia heiter Bjednekniven:

Bjedne har ein så fin kniv, men han skal reise til Amerika. Då gir han kniven i gåve til Pål. Det er ei storslått gåve. Kniv lyt ein ha for å vere kar. Det går ei tid og Bjedne er reist til Amerika. Pål og dei andre gutane sit oppi bakkane på ein klovestein og gjeter sauene. Ein dag kjem ein flokk med sauer springande ned mot bøen, og Pål spring etter for å stoppe dei. Småungane sit att på steinen i lag med kniven. Då Pål kjem tilbake høyrer han gråt, og trur kanskje småungane har skjært seg på kniven. Dei har mista kniven ned i  klova, og det er ikkje råd å få tak i han. Pål er utrøysteleg. Kva ville Bjedne i Amerika sagt viss han fekk vite at han hadde mista kniven?

Mora tykte synd i guten og fekk smeden til å lage ein ny kniv, men Pål såg med ein gong at den ikkje er like fin som Bjednekniven. Seinare får han vere med til handelsmannen, og der ser han ein riktig fin og flott kniv. Den kostar 2 kroner, heile hans rørlege kapital. Allereie på vegen heim kom det som presten snakka om: tvil i hjarte. Den nye kniven var ikkje like flott som Bjednekniven. Pål gøymer vekk kniven.

Det går vel eit år. Ein av ungane er opp ved klovesteinen og ropar: Eg har funne kniven! Eg har funne Bjednekniven! Pål spring opp med glede, men han kjenner ikkje kniven att. Det var ikkje slik Bjednekniven såg ut. Men den har den same innskrifta på bladet og eit merke på skaftet plent som på Bjednekniven. Det var den! Men sjølv kniven som smeden hadde laga var finare. Då ønskte Pål at han aldri hadde funne kniven att. At kniven hadde fått skinne i minnet.

For når han fann kniven, då hadde han for alvor mista han ...

Då vi las denne historia på skulen, las vi ei historie om ein gut som mista kniven og som ikkje vart like glad for å finne den som vi hadde trudd. Seinare i livet har eg skjønt kva Rasmus Løland ville fortelje. Det som ein gong har vore godt, det skal du ikkje prøve å skape opp att. På det viset hadde historiene i Nordahl Rolfsens læreverk ein verdi. Desse historiene var kanskje den viktigaste lærdommen eg fekk frå skulen."

Å lese og å skrive

"For meg var skulen pinefull for eg har alltid hatt vanskar med bokstavane. Eg må endå tenke etter: korleis ser ein h ut i høve til ein k? Etter kvart går det rimeleg fort, men det må framleis tenkast på. På det feltet har eg mykje å takke den moderne tid og dataprogram for. Det var vanskeleg å lære seg å lese. Eg prøvde å unngå problemet så langt det gjekk. Eg er utrusta med eit rimeleg godt minne. Viss eg las ei side ein eller to gonger så visste eg nokolunde kva som stod der og eg kunne gje det att. Men bladde vi ei side fram i undervisinga, vart eg straks avslørt.

Å lære seg å lese var ein ting, men skriving var, om mogleg, endå verre. Handskrifta mi er endå slik at eg knapt kan lese ho sjølv. Eg hugsar då eg sat på skulen og skulle skrive, og blyanten vaks i hendene på meg. Omtrent så den vart ein gardpåle! Prøv å skriv med ein gardpåle. Det vert ikkje pent."

Læraren

"For oss var skulerte lærarar berre eit rykte. Vi visste at dei fanst, men hadde aldri sett dei. Læraren eg hadde mesteparten av skuletida, seks av sju år, hadde den fordelen at han var ein dyktig løgnar. Og det måtte han vere elles dugde han ikkje. Det var ikkje eit einaste problem eller dilemma, moralsk eller religiøst, som han ikkje hadde vore borti før. Kunnskap utanfrå vart nødig trekt inn. Ein gong hadde eg høyrt eit radioprogram om kontinentaldrift. Dette marknadsførte eg i ein geografitime. Det skulle eg aldri ha gjort! For læraren vår hadde ikkje høyrt det programmet. Eg måtte fornekte vranglæra. Til ros skal seiast at han var ein drøymar for han heldt norsk lysningsblad!

Takk for meg."