Fotoet er vinnaren av fotokonkurransen om klimaomstilling

Foto: Eric Sadorge

Høyring - Regional plan for klimaomstilling

No kan du seie meininga di om korleis du vil at fylket vårt skal:

  • ta sin del for å nå dei nasjonale måla om utsleppsreduksjon.
  • er best mogleg budd på klimaendringane.
  • ikkje byggjer ny sårbarheit inn i samfunnet.
  • reduserer sårbarheit i eksisterande bygg og infrastruktur. 

Utkastet til regional plan for klimaomstilling er lagt ut på høyring. Planen er utarbeidd med føremål om å saman å få til klimaomstilling i Sogn og Fjordane.

Planen som er på høyring omhandlar ein kunnskapsdel, ein plandel og eit handlingsprogram. Satsingsområda i planen er delt inn i følgande åtte tema:

  • Energiforsyning
  • Energibruk i bygg
  • Areal og transport
  • Næringsliv og teknologi
  • Klimavenleg landbruk
  • Klimakunnskap og klimakommunikasjon

Utkastet til planen er tilgjengelig på nett:

 

Frist for merknader/ innspel er søndag den 29. april 2018.

Både partar som er direkte invitert og andre er velkomne til å kome med innspel til planen, anten via skjemaet her på nettsida eller ved å sende e-post merka e-sak 16/3972 til post@sfj.no.

For meir informasjon

Synnøve Stalheim
plansjef
synnove.stalheim@sfj.no
478 97 260

Høyring - Regional plan for klimaomstilling

Frist for innspel er 29. april




Gi innspel i ein eller fleire av tekstboksane under









Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven