Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane

Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane (AASF) vart skipa 09.03.1989 som eit samarbeidstiltak mellom LO Sogn og Fjordane, AOF Sogn og Fjordane, DNA Sogn og Fjordane og Fylkesarkivet. Fylkesarkivet har det arkivfaglege ansvaret. Arkivet fungerer som ei lokalavdeling av Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek i Oslo.

Arbeidararkivet skal arbeida for at historisk dokumentasjonsmateriale frå arbeidarrørsla i fylket blir teke vare på og gjort tilgjengeleg for bruk. Arbeidet omfattar i hovudsak arkivtilfang (frå partilag, fagforeininger, privatpersonar og andre arkivskaparar knytta til arbeidarrørsla), gamle faner og munnleg minnestoff.

Arkivet har gitt ut desse publikasjonane:

- Samkatalog - Arkiv. 1998. 60 s. Inneheld arkivinformasjon om 130 partilag og fagforeningar.

- LO-faner i Sogn og Fjordane. 1999. 68.s.

Arkiva kan berre nyttast i Fylkesarkivet, i lokalhistoriske arkiv eller på annan godkjent plass.
Kommune: 
Kategori: