De Heibergske Samlinger, Sogn Folkemuseum

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er eitt av dei eldste og største folkemusea i landet, grunnlagt av Gert Falch Heiberg i 1909. Heiberg si store interesse for reiskapar av alle slag har mellom anna gjeve museet ei stor samling reiskapar frå det førindustrielle bondesamfunnet.

På museet kan ein oppleva korleis sogningar har levd og budd, frå mellomalderen og fram til vår eiga tid. Friluftsmuseet, med over 30 bygningar, spenner frå årestova frå mellomalderen til eit moderne ferdighus frå slutten av 1980-talet. Her er bondestover frå ulike tidsperiodar, ein strandsitjarbustad og ein lensmannsgard.

Museet driv også tradisjonelt gardsbruk med hest, kyr, sauer, griser og høns. I museets store hovudbygning finn ein utstillingar knytt til jordbruk, handverk, tekstilar og klede, mat og drikke, og ei utstilling knytt til høgtidsdagane våre. Ein kan sjå gamle handverkarverkstader, gå på besøk til det gamle tannlegekontoret eller kika inn i den gamle krambua. Ei eiga utstilling for barn syner korleis barns kvardagsliv arta seg på starten av 1900-talet.

Museet har fotosamling og eig mykje arkivmateriale. Arkivmaterialet er deponert i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Museet har også museumsbibliotek.

Kommune: 
Kategori: