Eikaasgalleriet

Det gamle meieriet på Ålhus vart kjøpt og bygd om til eit moderne kunstgalleri, for å ta imot kunstsamlinga Ludvig Eikaas gav kommunen. Denne samlinga omfattar no over 800 kunstverk. Galleriet opna i 1994 og har skiftandes utstillingar. Eikaasgalleriet er Sogn og Fjordane Kunstmuseum sitt største galleri der vi har fokus på representative utstillingar av nasjonal og internasjonal storleik og kvalitet i kombinasjon med profilereing av eigen samling. Sal av original grafikk, kort, bøker og anna.

Kafé med enkel servering inne og ute.

Galleriet er teikna om av arkitekt Arild Waage.

Kommune: 
Kategori: