Faleide skulemuseum

Faleide skulemuseum dokumenterer Stryn kommune si skulehistorie frå overgangen frå omgangsskule til fastskule på 1860-talet til sentraliseringa av skulestrukturen på 1960-talet. Museet er lokalisert til eit av dei eldste skule- husa i kommunen, Faleide skule frå 1866. Denne skulen er samtidig ein del av eit verdifullt kulturmiljø ved Den trondhjemske Postvei på Faleide.

Skulemuseet omfattar eit autentisk klasserom eller "skulestove" med inventar frå tidleg 1900- tal, dessutan ei stor og mangfaldig samling av undervisningsmateriell frå to hundreår (ca.1800- 2000). Samlingane er oppbygde gjennom systematisk innsamling og deponering frå grunnskulane i heile Stryn kommune.

Hovudmålgruppa til museet er elevar i grunn- skulane i kommunen, men også andre interesserte kan få omvising etter avtale.

Kommune: 
Kategori: