Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Hovudoppgåver er innsamling, vern og formidling av arkivmateriale frå Sogn og Fjordane. Rår over samlingar med fotografi, musikk, private og offentlege arkiv, stadnamn, slekts- og utvandringsarkiv.Arkivet tok til som ei prøveordning i 1983, og vart ein fast fylkeskommunal institusjon i 1986. Kommunearkivordninga i Sogn og Fjordane, med alle dei 26 kommunane i fylket som medlemmer, er ein del av fylkesarkivet. Ordninga starta arbeidet i 1987 som ei prøveordning, og vart fast ordning frå 1992.For meir informasjon om materialet i Fylkesarkivet, sjå www.fylkesarkiv.no

Kommune: 
Kategori: