Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter ligg vakkert til ved Strynsvatn i Oppstryn. Senteret har bygd opp ein eineståande villblomster-hage som inneheld over 300 ville planter. Artane i hagen spenner frå karrige arter som veks i brekanten til frodige orkidear som veks i lindeskogen på Flo. Her kan ein mellom anna oppleva Tindeved i blomstring, ei av dei aller første plantene som kom hit etter siste istid, verdas minste tre "Musøyre", medisinplantar og "trolldomsurter". Plantene er namneskilta på fleire språk.

I tillegg til villblomster-hagen syner museet utstillingar som inneheld mineralar og meteoritter, utstoppa ville dyr, modellar, foto mm. I kinosalen er panoramafilm om Jostedalsbreen "Menneske og breen" filmvisning. Nytt i 2005 er at nasjonalparksenteret har etablert ein unik Geologisk park.

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er autorisert av Miljøverndepartementet.

Kommune: 
Kategori: