Kristianhus Motormuseum

Kristianhus Motormuseum blei etablert i 1976 og inneheld ei stor samling marine motorar. Museet gjev eit bilete av ei teknologisk utvikling og ingeniørkunst frå ca. 1905 til 1960-talet. Dei fleste motorane er norskproduserte og museet syner mangfaldet av maskinprodusentar langs norskekysten. Av museets 200 ulike motorar er ca. ¼ frå desse fabrikkane. I tekst, foto og bilete syner museet hendingar som er knytt til dei forskjellige gjenstandane. I tillegg har museet ei fast utstilling av ulike trebåtar og fiskeutstyr.

Kommune: 
Kategori: