Massnes Villmarksmuseum

Massnes Villmarksmuseum er grunnlagt og bygd av Olav Fridtun. Alt frå barndommen var naturen den store kjelda til inspirasjon for han. Dyr og fuglar vart teikna og utskorne i tre. Etterkvart var det utstopping som tok over. I dag står museeet der med fleire hundre utstoppa dyr og fuglar - utstilt i sitt rette miljø. Olav viser deg museet og fortel om alt du kan sjå.

Her kan du oppleve eit villmarkseldorado ved Sognefjorden.

  • Zoologisk- utstilling av norske dyr og fuglar.
  • Naturhistoriske- og kulturhistoriske utstillingar.
  • Natursti i vakker naturperle gjennom urørt urskogområde, langs fjorden.
  • Oppleving av Tiur- og Orreleik i Mai og Juni. Spennande opplevingar for både små og store.
  • Enkel servering i kafeén i sommarsesongen. Ellers ope etter avtale alle dagar.
Kommune: 
Kategori: