Norsk Bremuseum

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er ei privat stifting oppretta av Den Norske Turistforening, International Glaciological Society, Norges vassdrags- og energidirektorat, Norsk Polarinstitutt, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.

Føremålet med Norsk Bremuseum er å samle, skape og spreie kunnskap om brear og klima. Stiftinga si verksemd omfattar naturvitskaplege og kulturhistoriske fagfelt. Bremuseet syner samspelet i naturen og mellom natur og menneske - gjennom avansert filmteknikk, interaktive modellar og dine eigne eksperiment med ekte bre-is. Norsk Bremuseum er for det nyfikne mennesket.

Utstillingane er delt inn i 4 emne med 24 tema og syner blant anna korleis brear blir danna, korleis dei har forma fjordlandskapet, og kvifor breane spelar ei viktig rolle i klimaforskinga. Museet omfattar også Ulltveit-Moe senter for klimaviten. Der blir kunnskap formidla gjennom ei opplevingsreise i tid frå atmosfæren blei til, via siste istid, og fram til år 2100. Frå taket har ein storslått utsikt til breane og landskapet dei har forma.

Norsk bremuseum i Fjærland

Foto: Asbjørn Ness/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Kommune: 
Kategori: