Norsk Reiselivsmuseum

Norsk Reiselivsmuseum er under oppbygging i Balestrand. Museet har som må å verta eit dokumentasjonssenter for norsk reiselivshistorie og arbeider for å ta vare på og formidle tema som er knytt til reiselivet.

I Balestrand har museet tre eldre bygningar med tilknyting til lokal reiselivshistorie; Kaihuset, Bom bom og Cooperhuset. Bygningen Bom Bom vart bygd kring 1917 som bustad for hotellpersonale og med frisørsalong i første etasje. I dag har Bjørg Bjøberg atelier/galleri og utsal av akvarellprodukt i huset. Cooperhuest er eit lite hus i drakestil, bygd av den engelske kunstnaren Alfred Heaton Cooper i 1906. Her vil det vera skiftande utstillingar av kunst. Gjestande kunstnarar vil også bu i huset og vise rundt i utstillinga. Den tredje bygningen, Kaihuset, er under restaurering og er ikkje teken i bruk av museet.

Eit nytt publikumsbygg er under planlegging. Både i Kaihuset og det planlagde nybygget vil det verta utstillingar og andre tilbod til publikum som formidlar tema frå reiselivshistoria.

Kulturhistoriske vandringar i Balestrand:
Balestrand har eit unikt bygningsmiljø med sveitser og draktestilshus. Museet arrangerer vandringar med guide, etter tinging på telefon 57 69 14 57, eller henv. til turistkontoret.

Kommune: 
Kategori: