Sogn Fjordmuseum

Sogn Fjordmuseum er ei eiga avdeling av De Heibergske Samlinger. Fjordmuseet ligg ved Kaupanger ferjekai, fem minuttars biltur frå museets hovudanlegg. Her har museet samla dei delane av samlingane som har direkte tilknyting til fjorden og livet ved fjorden. Fjorden var livsnerva til sognebygdene i eldre tider, den var både stabbur og hovudveg. Her kan ein sjå ei eineståande samling av båtar frå Sogn, ein rekonstruert båtbyggarverkstad og reiskapar for båtbygging. Dessutan finn ein tradisjonelle fiskereiskap av alle slag.
Fjordmuseet opna i 1989 og er eit moderne museum som gjev ei flott oppleving av fjordkulturen og eit utfyllande bilete av livet i bygdene kring Sognefjorden.

Kommune: 
Kategori: