Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Sogn og Fjordane Kunstmuseum har som hovudføremål å skape interesse for og
auke kunnskapen om biletkunst og kunsthandverk i Sogn og Fjordane. Museet sitt tematiske ansvarsområde er regional kunsthistorie med vekt på 1900-talet, og formidling av samtidskunst, kunstnarleg utsmykking og rådgjeving. Museet presenterer kunstverk frå eiga samling og skiftande utstillingar, produserer vandreutstillingar og pedagogiske tilbod til skulane, driv kunstbutikk med sal av kunst, kunsthandverk, bøker, katalogar og kunstkort med meir. Kunstmuseet informerer om kunst og kunstnarar og rettleier i spørsmål om privat og offentleg utsmykking i Sogn og Fjordane.

Museet vart oppretta i år 2000, som ei vidareføring av Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane (skipa 1987). Frå 2004 er Sogn og Fjordane Kunstmuseum organisert som ei stifting med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Førde kommune, Jølster kommune, Hornindal kommune, Lærdal kommune og kunstnarorganisasjonane i Sogn og Fjordane som stiftarar.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum er eit konsolidert og desentralisert museum med driftsansvar for Anders Svor Museum i Hornindal, Astruptunet og Eikaasgalleriet i Jølster, Gjesmegalleriet i Lærdal, Kunstsenteret i Førdehuset og Kunstmuseet Prestebøen i Førde. Verksemda vert finansiert gjennom statlege, fylkeskommunale og kommunale tilskot og eigne inntekter.

Kommune: 
Kategori: