Stryn kulturhus

Stryn kulturhus har status som regionalt kulturhus og er heile kommunen si storstove. Kulturhuset er arena for profesonelle kunstnarar og lokale aktørar sine framføringar og utstillingar. Kulturhuset vart offisielt opna i januar 1991. Nytt kulturhus vart bygt i Stryn etter at samfunnshuset brann i 1985.

Stryn kulturhus er godt utstyrt for både arrangement og møter/konferanser. Kulturhuset har m.a. flygel og nyleg oppdatert lydanlegg for artistar/aktørar som leiger, eller vert inviterte til kommunen. Stryn kulturhus har som formål å vere ein profesjonell tilretteleggjar for kommunen og regionen når det gjeld presentasjon av kunst og kultur.

Kommune: 
Kategori: