Sunnfjord Museum

Sunnfjord Museum er regionmuseum for indre Sunnfjord og inneheld ei samling antikvariske bygningar og gjenstandar. Dei 26 bygningane kjem frå bygdene i indre Sunnfjord og syner eit tidsspenn i byggeskikk frå 1500 til kring 1900. Friluftsavdelinga inneheld mellom anna eit gardstun frå 1850 og ein husmannsplass som er bevart på sin opphavlege stad.

Museet dokumenterar og formidlar korleis livet var på ein gard og ein husmannsplass i Sunnfjord kring midten av 1800-talet. Hovudbygningen inneheld den faste utstillinga om årsrytmen i Sunnfjord kring 1850. I tillegg er det ei fast utstilling som syner ein del av museet si store tekstilsamling og fleire skiftande utstillingar med ulike tema. Museumsområdet ligg vakkert til ned mot Movatnet. I samarbeid med kommune, fylkeskommune, grunneigarar og skognæring har museet opna ein kultur- og natursti mellom museet og Huldefossen der ulike natur- og kulturemne vert presentert.

Sunnfjord Museum si fotosamling er mykje nytta lokalt av privatpersonar, media etc. Hovuddelen av samlinga vart innsamla i perioden 1981-1995. Hovuddel av fotobevaringa her i fylket er no overtatt av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Fotosamlinga er på meir enn 20.000 bileter (papirkopiar, glasplater, repro, film) av fotografane Olai Fauske, Nikolai Berg, Johannes Furehoug, Knud Knudsen, Axel Lindahl, Dagfinn Reiakvam, Tollef Sandal, Anton Øygard og Elias Eide frå tida 1869-1969.

Kommune: 
Kategori: