Folketog. Markering av  FN-dagen 2015.

Markering av FN-dagen 2015 i Høyanger. Foto: Anita Nordheim

It's all about the money? Eller…

I visjonen til St. meld. nr 10 (2011-2012) Kultur, inkludering og deltaking står det: «Ein inkluderande kultursektor er ein sektor der alle har like moglegheiter til deltaking og til å utvikle sine skapande ressursar, uavhengig av faktorar som sosioøkonomisk-, kulturell- eller religiøs bakgrunn eller funksjonsevne».  Visjonen kan vi ikkje vere ueinig i, men den gir oss unekteleg store utfordringar. 

Deltaking har betyding for oppleving av tryggleik og tilhøyrsle i samfunnet. Det handlar om å bli sett og høyrt. Det å tru på egne krefter. For menneske som står i fare for å falle «utanfor» på ein eller anna måte, kan deltaking i kulturlivet bidra til at ein ikkje opplever seg totalt ekskludert. Det kan vere deltaking i songkoret, korpset eller den daglige biblioteksturen som gjer livet vert å leve, gir meining, glede og tilhøyrsle i kvardagen.

Den gjensidige respekt og interesse for ulike menneske og kulturar, er avgjerande dersom det kulturelle mangfaldet skal få ein reel moglegheit til å vere ein «møteplass» der kunst og kultur viser veg i samfunnsutviklinga. Kulturelt mangfald er å sjå mangfald i idear, tankar og haldningar på tvers av sosial og kulturell bakgrunn for å legge til rette for deltaking.

Integrering kostar pengar, men eg meiner det ikkje er der den viktigaste barrieren er. Viktigast er det å arbeide med forståing og kunnskap for å kunne ta dei «rette» grepa. Det å bli bevisst eigne haldningar og grunnleggjande antakingar i møte med det «ukjente». Det er ikkje mykje hjelp i å ville vel og sette i gang det eine etter det andre integreringsprosjektet om ikkje forståing, kunnskap og kompetanse ligg til grunn for vala.

Men deltaking i kulturlivet har oftast ein pris, kanskje ein pris som er med på å ekskludere framfor å integrere?

I Høyanger kommune arbeidar vi med å få til enno betre tenestetilbod innan kultur og vi er tydleg på at vi har behov for møteplassar som er tilgjengelege for alle. Kommunen tar grep for å sikre nødvendige ressursar for å imøtekomme nye behov og utfordringar i lokalsamfunnet. Vi er opptatt av at ungdom skal få fleire møteplassar på kveldstid, og har no utvida tilbodet i ungdomsklubben. Dette er lavterskeltilbod som er gratis og er med på å utjamne sosiale skilnader og ulikskap. Her kan ein nytte pc, Playstation, sjå tv, spele spel, danse m.m. Eller om ein berre vil «vere der» eller prate med kulturarbeidaren som alltid er tilstade. 

Biblioteket er ein anna slik offentlig sosial møteplass, debattarena og læringsarena som fremjar integrering og inkludering i alle aldrar. Også her har vi utvida opningstida og lagt til rette for nye behov. I Høyanger satsar vi sterkt på bibliotekstilbodet og vi har valt å ha eit desentralisert system med hovudbibliotek og fem filialar rundt i kommunen. Vi ser behovet for slike tilbod som er tilgjengeleg og gratis, der ein kan få kontakt, der ein møter eit smil, der noko seier hei og huskar namnet ditt og kan gje deg ei hjelpande hand om det er eit skjema du treng frå nettet eller heimeleksa som skal løysast.

Sjølv om Høyanger kommune har eit rimeleg kulturskuletilbod, billige prisar i Høyangerbadet, svært billige kinobilettar, gratis leige til barne- og ungdomsaktivitet i kommunale bygg, utstyrspakke for friluftsliv, samarbeid med NAV om fattigdomsmidlar, språkkafé og mange andre tilbod, så er likevel pris med på å ekskludere. 

Å vere elev i kulturskulen kostar, fotballsko kostar, kontingentar kostar, treningskle kostar osv. Visjonen om like moglegheiter til deltaking uavhengig av faktorar som sosioøkonomisk-, kulturell- eller religiøs bakgrunn er nok fortsatt berre ein visjon. Kulturskulen er den einaste arenaen som finst i alle kommunar (lovpålagt gjennom opplæringslova) og som tilbyr barn og unge kunst- og kulturtilbod utover det den obligatoriske skulen gjev. Her er det ein moglegheit for verkeleg å skape like moglegheiter til deltaking, men det er nok langt fram før dette tenestetilbodet vert tilgjengeleg for alle. It`s all about the money? Eller…..

Kommentarer