Julenisse, juletre og julesong. Foto: jonathunder (WIkimedia)

Julehysteriet

Då foreldra våre var unge feira dei jul i desember. 24 dagar med julegodteri, julepynt, julebrus og gåver. Den gongen fann dei sjeldan spor av jul i butikkane før 1. desember.  Siste dagane i november dekka mange butikkar til utstillingsvindauga med papir, før dei 1. desember tok bort papiret og let folk ta del i dei flottaste juleutstillingar, medan butikken innafor vindauga bugna av alskens julevarer. Er det dette vi kan kalle ekte juleglede?

Veit du kvifor pinnekjøtet smakar så utruleg godt? Det er på grunn av at vi berre et det nokre gonger i året. Om vi hadde ete dette heile året hadde eg vore sikker på at vi hadde vore lei av det for lenge sidan. Når jula startar allereie i månadsskiftet mellom september og oktober, og vi får både pinnekjøtt og anna julemat i butikken tre månader før julaftan, seier det seg sjølv at både stemninga og smaken vert noko utvatna når vi får julegledene i så store porsjonar over så lang tid.

Ikkje misforstå meg. Jula er ei fantastisk høgtid, men vi må avgrense den til desember! Når vi sidan september har høyrt julesongar, sett julepynt overalt, fått tilbod på julegåver og fått servert pinnekjøt og ribbe, er det lett å verte lei og kjenne på at heile høgtida er ei plikt når sjølve julekvelden kjem mot slutten av ein lang periode med glitter og kjøpepress.

Den gjennomsnittlege nordmannen oppgjer at han planlegg å bruke omlag 6000 kroner på julehandelen i år, men realiteten er at vi faktisk bruker i gjennomsnitt 10 700 kroner kvar! Av dette beløpet er omlag 4460 kroner på matvarer, og dei resterande 6270 kronene på julepynt, klede og gåver til kvarandre. Gåver som ofte blir kasta eller gøymt vekk i løpet av kort tid.

Medan dei før kjøpte meir nyttige ting, er det ofte leikar eller sesongbaserte gåver vi får i dag. Og når vi ser på beløpet: 10 700 kroner for å kose seg ein kveld saman med familien?

Ikkje er det bra for miljøet heller. På grunn av stadig veksande julehandel må vi i dag produsere mykje meir varer enn før med alt det inneber av kostnader for miljøet.

Stor kostnad er det og for mange familiar eller einslege. Kjøpepress og statusjag gjer at mange føler dei vert ståande utanfor om dei ikkje har råd til å boltre seg i gåver og alskens julegilder.  Den kostnaden veks for kvart år når vi i vårt moderne samfunn forlengarforlenger jula kvart einaste år med stadig større kjøpepress som resultat.

I tillegg gir vi dei som kjenner på einsemd rundt høgtida endå betre tid til å kjenne på ei bør som ikkje er god å bere for mange.

Vi vil ha tilbake julegleda! Den ekte julehøgtida med julekalender på tv og julebrus, kakemenn, peparkaker og julepapir i butikkane berre i desember. Vi skal glede oss til jul – i desember.

Bilde: Julenisse song. foto: jonathunder (WikimediaCommons)

Kommentarer