slektsfoto

Kommunereforma gjeld for deg òg!

Mange ser ut til å ikkje bry seg med kommunereforma i det heile. Kanskje trur dei at denne berre råkar alle andre, men ikkje seg sjølv? Kommunen har mange oppgåver, og alle vil stort sett ha noko å gjere med kommunen, gjennom heile livet. Det er så alt for mange som ikkje tenkjer på dei viktige oppgåvene kommunen din gjer, og som du truleg ikkje tenkjer over. Samfunnet utviklar seg, og er det då nokon grunn til at kommunestrukturen skal vere statisk?

Fyrst kan vi avlive den myten om at kommunestrukturen alltid har vore soleis som han er i dag. På byrjinga av 1960-talet vart det sett i gong ei stor kommunereform, som reduserte talet på kommunar. Dette samsvarte med den infrastrukturen og dei oppgåvene kommunen hadde den gongen. Kvar den som har levd ei stund, ser at kommunen i dag tek ansvar for ting som tidlegare familien måtte syte for. Tidlegare hadde kommunane berre ansvar for heilt grunnleggjande ting, men samfunnet har utvikla seg til eit servicesamfunn, der kommunane har plikt til å hjelpe både deg og meg. Vi kan til og med setje opp eit rettskrav, som tvingar kommunen til å yte denne servicen.

Ei naturleg fylgje av dei auka oppgåvene, er at kommunen treng fleire tilsette, og fleire av desse må ha relevant utdanning for det dei gjer. Ein liten kommune har akkurat dei same oppgåvene som ein større kommune. Dette er positivt, for det hadde ikkje vore særleg kjekt å få høyre at kommunen er for liten til å ha noko godt bornevern eller ein helsestasjon med utdanna helsepersonell. Typisk vil han i bornevernet uansett kjenne besteforeldra på båe sidene. Di fleire folk som skal nyte godt av tenestene, di betre er grunnlaget for å kunne tilby gode tenester for innbyggjarane.

Eg meiner ikkje at alt som er større alltid er betre, men det er lite tvil om at vi kan få fleire arbeidsplassar i den kommunale sektoren, der det er ein trong for høgare utdanning. Dette vil gjere kommunane våre interessante for ungdom som ynskjer å flytte heim etter studiane. Ein person med lang røynsle og høg utdanning kan kanskje få til eit godt kinotilbod i ein stor kommune, medan han i ein liten kommune gjerne lyt ha ansvaret for ungdomsrådet, songtimar på aldersheimen og gjeve løyve til å spreie naturgjødsel etter 1. september for dei bøndene som aldri kom i gong med slåtten.

Det er viktig å sjå det potensialet som ligg i den nye kommunereforma, framfor å skyte ned heile reforma før vi har fått diskutere henne skikkeleg. Det er heilt naturleg å vere engsteleg til nye ting, og kommunereforma vil vere noko som påverkar dei aller fleste. Vi må alle gjere vårt beste for å kunne tenkje framover, og ikkje gå i fella som stoggar alt nytt. Folk sprang på loftet og gøymde seg bort då elektriske ljos vart sette på den fyrste gongen, men dei fleste kom ned att i stova etter ei stund. Gamal vane er vond å vende, og det ser ut til å vare livet ut. Det lettaste er alltid å vere negativ til alt nytt, for då veit du ikkje kva du kunne opplevd, men du veit korleis du har hatt det. Dette er ei felle, så vakt deg vel.

Eit døme frå røynda kan vere nyttig for å sjå dette betre. Farmor og farfar voks opp på same øy, men i to ulike herad. Ho voks opp i Florø, medan han voks opp bak Storeåsen, i Kinn herad. Når farfar sat i klasserommet kunne han sjå bort på byskulen, og høyre dei leike i skulegarden. Det hadde vore mykje betre om desse kunne vore på same skule. For det fyrste er det betre for kommuneøkonomien å drive ein skule i staden for to, og for det andre er det lettare å få ein dyktig lærar, av di du kan ha fleire lærarar, som kan undervise i færre fag. Spesialisering er framtida, og det må vere lov å vere ein dyktig tysklærar, utan at du skal kunne undervise både i matematikk og kroppsøving i tillegg. I dag er det ingen som kunne tenkje seg å ha ein byskule og ein Kinnskule, der du kunne sjå over på den andre skulen. Grunnlaget for eigne nynorskklassar på byskulen hadde òg vore større den gongen.

No var det femti år sidan førre gong, og vi lyt truleg vente femti på neste kommunereform. Det er difor ekstra viktig at politikarane, Fylkesmannen, du og eg, tenkjer grundig gjennom kva vi gjer. Vi må gjere det no, ikkje om to år, for då er det for seint.

På bakgrunn av dette er det særleg viktig at dei unge får vere med i denne prosessen. Det er vi unge, vi som lærte meir om Internettet, framføringar og gruppearbeid, enn om nynorske salmediktarar, det er vi som skal bu i desse kommunane framover. Det er difor viktig at alle unge engasjerer seg i debatten, for elles vil vi ende opp med at dei som skal avgjere framtida vår er dei som hugsa då vanlege folk fekk bilar, og sjølv amerikanarane var utan mobiltelefonar. 

Dette gjev ein naturleg overgang til den utviklinga vi har vore gjennom sidan førre kommunereform, og som kanskje er det heilt sentrale. Sidan byrjinga av 1960-talet har alle familiar fått minst ein bil, vegane er asfalterte, du klarer deg utan kjettingar om vinteren, reiseavstandane er stuttare, robåten har spelt si rolle, folk arbeider i tettstadar og færre livnærer seg av jordbruket og fisket. I tillegg kjem mobiltelefonen, Internettet og videokonferanserom, som har vore med å brigde måten vi kommuniserer med kommunen på. Du kan vere vel oppdatert på offentlege postlister utan å setje deg til på kommunehuset kvar dag. Dette må kome fram i debatten, for det ser ikkje ut som at alle har fått med seg denne utviklinga.

Identitet er ein viktig trong for mange, men det er somme som trur at eit brigde av kommunegrenser er det same som brigde av identiteten. Det er viktig med ein identitet og ei kjensle av å høyre til noko. Dette trur eg dei fleste bør kunne klare å finne, uavhengig av kommunegrensene. Eg trur heller ein kommune som er så liten at folk vil identifisere seg med kommunenamn i staden for den plassen dei faktisk kjem frå, heller vil vere negativt. Ein bulending kjem ikkje frå Askvoll, men frå Bulandet. Ein eikefjording vert ingen florøværing, på same viset som at holsingar aldri har vore førdianarar.

Etter å ha reist litt ser ein korleis språk og religion kan skilje folk frå kvarandre. I staden for å leve side om side, lever ein med eit tydeleg skilje, mellom dei og oss. Dette er direkte skadeleg, og fører korkje til nestekjærleik eller tillit på noko side av grensa. Då lyftar ein seg sjølv opp gjennom å trykkje ned dei andre. Somme gongar kan det verke som at dei gamle heradsgrensene og futegrensene våre skil folk tvert. I tillegg er det mykje bygdestrid, der det eine neset kjempar mot det andre, i ein kamp om å vere best, utan å tenkje på at desse er så små at dei får lite å seie, jamvel om dei står saman. Det einaste som er heilt sikker, er at vi står sterkare saman enn om vi arbeider mot kvarandre, for å vere den beste. Det gjev ikkje mykje ære å vere den beste, når du ikkje er med på leiken, av di du står på utsida. Saman er vi best, det er betre.

Eg vil oppmode kvar og ein til å diskutere kommunereforma med andre. Dette gjeld alle aldersgrupper, og diskuter gjerne på tvers av generasjonar. Bestemor kan fyrst fortelje deg om kva som hende då den kunstige grensa som gjekk midt over øya, anten det var soknegrensa, heradsgrensa, futegrensa eller fylkesgrensa, vart teken bort, den gongen det kom veg rundt, og folk kunne samarbeide om å få ei god kai i staden for fire dårlege. Kanskje var det dette som gjorde at dei kunne reise inn til byen på halve tida, og som var med på å auke busetnaden på øya? Kanskje kan far fortelje at dei endeleg fekk leike med ungane i grannebygda, etter at kampen om kvar grendahuset skulle liggje, endeleg var over, etter førti år med strid og hat? Til slutt kan du, som den yngste, seie kva du ynskjer å flytte attende til når du har ei spesialisert utdanning du gjerne vil nytte i lokalsamfunnet ditt. Til slutt, når de har tenkt på kva kommunar som kunne vore aktuelle å slå saman, kan du hjelpe både bestemor og bestefar til å finne fram på Internettsida åt Fylkesmannen, og trykkje dykk fram til dei spanande lenkjene, med databasar og lesestoff for liten og stor.

Kommunereforma gjer det mogelg å overføre ansvar og makt frå staten til kommunen, noko som aukar lokaldemokratiet. Tenk deg om tre gongar før du seier nei til alt. Lukke til, for valet er vårt!

Kommentarer