Dag Henrik Nygård

Alder: 21 Kjem frå: Florø Engasjement for: politikk, jus og nynorsk

Kroppsøvingsfaget – eit trugsmål mot folkehelsa?

Kroppsøvingsfaget er, og har lenge vore, eit obligatorisk fag i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Faget er særs viktig, særleg for å fremje folkehelsa i samfunnet. Fysisk aktivitet er heilt vesentleg for betre folkehelse, og vi lever i ei tid der folkehelsa kan verte ei av dei største utfordringane våre. På bakgrunn av dette har kroppsøvingsfaget eit enormt potensiale, og kan verte avgjerande for denne utviklinga. Kanskje er tida komen for å gjere nokre grep i faget, soleis at det kan fremje folkehelsa betre enn det gjer i dag.

Utgangspunktet for denne teksten er å kaste ljos på det som ikkje fungerer optimalt i kroppsøvingsfaget, som treng ein diskusjon. Kroppsøving er eit fellesfag, det vil seie at det er obligatorisk for alle norske elevar, ti år i grunnskulen, tolv år for yrkesfaga og tretten år for gymnaset. Gjennom tretten år på gymnaset er det berre norsk og kroppsøving som er obligatoriske alle dei tretten åra. Valfridom i skulen er ein annan diskusjon, men det må vere semje om at det er meir krevjande å få dei obligatoriske faga til å passe for den einskilde eleven, når han vert tvungen til å ha det.

På tur på Kinn_foto Petter Bjerck Olsen.jpg

Gjennom tretten år kan eit fag vere med på å auke kompetansen åt eleven, skape lærelyst og meistringskjensle, eller verke særs øydeleggjande for den einskilde eleven. I valfaga er det eleven sjølv som ynskjer å ha faget, medan kroppsøvingsfaget er noko styresmaktene tvingar deg gjennom, anten du vil eller ikkje. Tanken om at fysisk aktivitet er viktig for alle er særs god, og det er ikkje vanskeleg å skjøne intensjonen åt lovgjevaren. Jamvel er det eit moment at elevane er ulike, og at dette gjer det meir krevjande å finne ein måte å leggje det opp på som kan vere betre for fleire enn i dag. Tenk kor mykje friskare folket kan verte, om berre kroppsøvingsfaget fungerer.

I 2012 var det vedteke brigde i forskrift til opplæringslova frå 2006 § 3-3 andre stykkje siste punktum at «i faget kroppsøving skal innsatsen til eleven vere ein del av grunnlaget for vurdering». Før dette skulle vurderinga byggje på prestasjonen, det vil seie kor snøgt ein kan springe, kor høgt ein kan hoppe og kor god ein er til å sikte. Det seier seg sjølv at vilkåret om å leggje vekt på innsats i karaktersetjinga, har vore til hjelp for dei som så hardt prøver, men som av ulike grunnar, anten dei har stutte bein, dårleg syn, små musklar eller andre hemningar, ikkje presterer godt nok til å skaffe seg ein karakter dei bør kunne vente. For desse har det vore ein ny start, på noko som for fleire kan ha vore eit einaste mareritt, der dei så hardt har kjempa, men ikkje fått resultat som står i stil med innsatsen.

Det er viktig å ha eit kroppsøvingsfag med fokus på allsidig aktivitet, fysisk rørsle, godt samarbeid mellom elevar, respekt for at andre er ulikt bygde og at ein saman kan få det til. Det er dette overordna målet som må kome fram gjennom eit slikt obligatorisk fag. Kunnskap om friluftsliv, allemannsretten og førehandsreglar vil gjere det lettare for elevane å nytte naturen på fritida, på ein måte som er til beste for den einskilde og for samfunnet. Når folk vert eldre ser dei gjerne den gleda og roen ein kan få av å vere i naturen, at vi har rett til å ferdast og at vi må passe på naturen vår. Dette burde vore sentrale ting å ha i kroppsøvingstimane. Gjennom dette vil elevane, som utgjer framtida, kunne finne glede av fysisk aktivitet i kvardagen, noko som direkte betrar folkehelsa.

I dette faget møter vi mange utfordringar som vi elles ikkje møter på same vis i andre fag. Når elevane skal spele fotball vert det valde ut lag, og den dårlegaste i fotball vert ståande att til slutt, kvar einaste gong, alle dei tretten åra. Inndeling i mindre lag, utan styring frå læraren, endar stort sett med at den sjenerte jenta og den tjukke guten vert ståande att åleine, soleis at dei må gå saman i lag, som om dei ikkje hadde nok å verte plaga for i garderoben etter timen. Eventuelt må ein alltid vere femte hjul på vogna på eit firemannslag, der ein lyt spørje fint, og få eit ja som ser ut til å sitje djupt inne for dei fire tøffingane.

Lagsport er viktig i kroppsøvingsfaget, og skil seg soleis frå mange andre fag. Det er aldri kjekt å vere den minste, tyngste guten med stutte bein, som er esla for å få stafettlaget til å tape. Like lite kjekt er det å vere den vimsete jenta med store briller som alltid vert sikta på i ballsport, og som ikkje klarer å take imot ballen. Kjensla av å få høyre at ein øydela for laget er ikkje særleg god, i alle fall ikkje gjennom tretten år. Om du trur born er snille med kvarandre, er dette eit teikn på at det er for lenge sidan du var ung. Det er nok med ein som ikkje klarer å halde dei stygge kommentarane sine inne.

Dag Henrik_student_foto Vajeerathy Shrikantharajah.jpgSeinare i studiane mine har eg diskutert gymnasfaga med mange ulike studentar, og det er utruleg å sjå kor mange ressurssterke som har dårlege røynsler med kroppsøvingsfaget. Det er trist at somme opplever at kroppsøvingsfaget skal vere det som gjer at dei får problem med å kome inn på studiane, eller at dette skal vere det som gjer at dei er glade for å vere ferdig med tretten års skulegang. Vi har ikkje råd til å tape så mykje på dårleg opplegg, som støytar bort dei som elles har vegen fri for å nå langt.

I verste fall gjer kroppsøvingsrøynslene som den sjenerte jenta, den vesle tjukke guten med stutte bein, den ressurssterke som får kjeppar i hjula og stakkaren som står att til slutt for å få lag, at desse får eit dårleg møte med fysisk aktivitet. Dette kan sitje i over mange år, og det er direkte skadeleg for både samfunnet og den einskilde.

Eg vil ha eit kroppsøvingsfag med folkehelse i førarstolen, der det vert fokusert på fysisk aktivitet for kvardagsbruk. Det skal verte ein del av livsstilen, for alle menneskje er bygde for å vere i rørsle. Naturen som ligg ikring oss, er esla for å skape ro både i kropp og sjel. Gjennom god innføring i allemannsretten og praktisk friluftsliv kan elevane, som ein gong vert vaksne, kunne få smake på det naturen har å by på.

Eg vil ha eit kroppsøvingsfag med alternative aktivitetar, for det skal vere kjekt å vere aktiv. Somme liker å spele fotball, andre kunne ikkje tenkje seg noko så fælsleg. Dette må det vere lov å meine. Kva om dei som ikkje vil spele fotball kan få gå på tur, leike politi og røvar i skogen, eller lære meir om korleis vi kan navigere oss fram på nye stadar i naturen? Dette måtte vere det beste for alle. 

Eg vil ha eit kroppsøvingsfag der meistring hjå den einskilde, der utgangspunktet for denne eleven legg grunnlaget for meistringskjensla. Det å prøve elevane opp mot kvarandre treng ikkje å vere positivt, for konkurranseinstinktet er heilt ulikt. På denne måten vil vi oppnå nestekjærleik og respekt for ulike eigenskapar, utan å måtte setje kjeppar i hjula åt dei som vil opp og fram.

Gjennom å gjere kroppsøvingsfaget til eit fag for alle elvar, med fokus på den daglege aktiviteten, friluftslivet og treningsglede, vil kroppsøvingsfaget vere avgjerande for god folkehelse hjå ålmenta. Fyrst då kan desse spele på lag, og vi kan ha ein enorm nytte av dette fellesfaget som er eitt av to fag ein elev må ha frå han byrjar til han sluttar. Den dagen alle elevar kan setje opp faget som eitt av dei tre beste, då vil folkehelsa verte betre.

 

Bloggen til Dag Henrik (på Facebook): Mine meiningar på mitt mål.

 

Kommentarer