ordsky

ordsky

Kulturblogg i ny drakt

Kulturbloggen skal vere ein arena for kulturdebatt og for å fremje aktuelle tema innanfor det store og omfattande området "kultur". Vi ønskjer gjestebloggarar velkomne. 

Sogn og Fjordane fylkeskommune har tidlegare drifta ein kulturblogg gjennom Kulturnett Sogn og Fjordane. Denne var i fleire år ein arena for debatt og diskusjon om store og små tema frå kultursektoren i fylkeskommunen eller for kulturinstitusjonane i fylket. Bloggarane var gjerne direktørar, avdelingsleiarar og tilsette ved kulturinstitusjonane, samt eit knippe engasjerte privatpersonar. Når vi no relanserer kulturbloggen håpar vi å opne opp denne debattarenaen for fleire engasjerte menneske i Sogn og Fjordane. 

Dei som får æra av å blåse nytt liv i kulturbloggen i Sogn og Fjordane er våre eminente nynorskbloggarar. Gjennom ungdomsprosjektet "Mine meiningar på mitt språk" har fylkeskommunen eit ønskje om å inspirere fleire ungdom i fylket til å skrive og uttrykke seg på nynorsk. Vi har vald blogg som formidlingskanal. I månadane som kjem skal vi verte betre kjende med dei ti ungdomane som deltek i dette prosjektet.

Dei ti deltakarne kjem frå ulike stader i fylket, er mellom 15 og 26 år og har svært varierande interesser. Det dei har til felles er eit ønskje om å ytre sine meiningar på sitt mål - nynorsk. 

Les meir om prosjektet og om deltakarane på sfj.no/ungdomsblogg, og følg med her på bloggen for å lese deira innlegg om sjølvvalde tema. 

Ta kontakt med kulturavdelinga i fylkeskommunen om du kunne tenke deg å skrive på kulturbloggen:

Sigrun Espe
sigrun.espe@sfj.no
990 44 666

Kommentarer