Scene frå Kinnaspelet.

Kinnaspelet. Foto Svein Erik Storkås (cc-by-sa)

Kulturfylket Sogn og Fjordane

Eg opplever mange kulturarrangement gjennom eit år, både i Sogn og Fjordane og elles i verda. Av og til så reflekterer eg over kva som skal til for å tiltrekke seg eit stort (nok) og trufast publikum. Det er ikkje alltid det er heilt openbert kva som gjer at eit arrangement vert ein publikumssuksess eller ikkje. Men det som er heilt klart er at arrangørar, om det er profesjonelle eller amatørar, treng publikumet sitt, og at vi som innbyggjarar treng å få oppleve. Sogn og Fjordane har i dag eit godt og variert kulturtilbod og eit stort publikum, men dette kjem ikkje av seg sjølv.  

Vi har mange gode arrangørar i Sogn og Fjordane med stor publikumstilstrøyming. Etter mi oppfatning er dei som lukkast best med publikumsarbeidet dei som har lukkast i å skape seg eit godt omdømme kombinert med kvalitet i tilbodet dei gir. Dette gjer at publikum stolar på arrangøren og veit at dei kan møte opp og få ei god oppleving – også utan å kjenne til artisten frå før. Førdefestivalen er eit godt døme på dette.

Men kva seier ekspertane om dette? Kva er kvalitet i kunst og kultur? Norsk kulturråd deltek på Kulturkonferansen 2016 - «Kvalitet i kulturen» i Førde 1. og 2. april for å presentere forskingssatsinga Kunst, kultur og kvalitet. Dei vil snakke om kva som ligg i omgrepet kvalitet, korleis vert det nytta i ulike miljø og korleis kulturrådet vurderer kvalitet når dei skal tildele midlar.

Vi veit at vi har få søknader frå Sogn og Fjordane til kulturrådet, men relativt god utteljing for dei som søkjer. Betyr dette at vi har god kvalitet på kulturarrangementa i fylket og er vi gode på søknadsskriving? Kva er eigentleg kvalitet i kulturtilbodet? Er kvalitet noko ein kan måle og er det eit objektivt kriterium, eller dreier det seg om å skape opplevingar?

Alle arrangørar har ein identitet, dvs. det ein meiner ein er, og står for. Branding (merkevarebygging) er det vi seier vi er, det vi vel å presentere oss som, ut frå identiteten vår. Omdømmet vårt (image) er det andre oppfattar at vi er og står for. Dersom desse ikkje er nokolunde i samsvar, kan ein ha eit kommunikasjonsproblem med publikum.

Arrangøren sitt publikumsarbeid dreier seg i stor grad om merkevarebygging og omdømmearbeid. Kva er det vi vil at andre skal oppfatte at vi står for og kva oppfattar dei? Korleis er haldningane arrangøren har til publikum, er publikumet ditt gjestar eller besøkande? Korleis jobbe med publikumsutvikling og korleis kommunisere med publikum? Kva er aktuelle trendar i arbeidet med publikumsutvikling? Dette vil Norsk publikumsutvikling lose oss igjennom i eit eige seminar.

Vi treng også eit godt, trufast og «kompetent» publikum. Som publikummar ønskjer eg meg ei god oppleving og eit bodskap som rører meg og kanskje utfordrar meg også. Eg ønskjer at arrangøren tek i mot meg på ein god måte og viser at han anerkjenner meg som publikum og viser meg respekt ved å tilby kvalitet på det eg skal oppleve.

Å vere publikum krev også kunnskap, å vite korleis ein tek i mot krev også noko av meg. Mengdetrening er bra - dess fleire kulturopplevingar ein har hatt, dess meir kompetanse har ein. Å bli kjend med dei ulike kodane i dei ulike sjangrane i skulealder, gjer at ein truleg også oppsøkjer kulturarrangement som vaksen. Den kulturelle skulesekken (DKS) har ei viktig rolle i å introdusere og kvalifisere born og unge i Sogn og Fjordane innan kunst og kultur. Som vaksne går dei ut i verda med same kulturelle kompetanse og kunnskap om det å vere publikum som andre i Noreg. Det same gjeld Den kulturelle spaserstokken, som syter for kulturtilbod for eldre. På kulturkonferansen 2016 vil ein få tilbod om seminar om både DKS og spaserstokken.   

Er kulturfylket Sogn og Fjordane eit resultat av godt omdømmearbeid og vil vi framleis kunne vere eit godt kulturfylke i framtida? Eg trur at svaret er ja, men vi må fortsette å prioritere å bygge gode strukturar slik at vi kan oppleve profesjonelle kulturtilbod rundt om i fylket. Her er det mange aktørar som må samarbeide og bygge felles kunnskap og haldningar.

Bli med og diskuter og lær meir på kulturkonferansen 2016. Meld deg på innan fredag 18/3.

Kommentarer