Stryn Folkebibliotek_kollasj_1024x768

Meir ressursar til biblioteka

Kulturutredninga 2014 peika på at biblioteka er blitt taparane i Kulturløftet.  Dette var ikkje noko nytt for bibliotektilsette landet rundt. I kampen om budsjettkronene har biblioteka komme dårleg ut over fleire år. I Sogn og Fjordane har  filialar blitt lagt ned, bokbussen er borte for lenge sidan, og no til sist forsvann også bokbåten. Kommunane  har kutta i bok- og mediebudsjett og personalressursar. Kva konsekvensar har dette eigentleg?

Dei siste åra har folkebiblioteka fått fleire oppgåver. Medan biblioteka tidlegare var ein stad ein kom for å låne bøker, og der ein for all del måtte vere stille, vart det i 2012 lovfesta at biblioteka skulle drive med aktiv formidling og vere ein «uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt». Dette var eigentleg berre ei stadfesting av dei nye oppgåvene som biblioteka sjølv hadde drive med dei siste åra.

Frå sentrale myndigheiter blir det kvart år ut lyst midlar som skal gå til «nyskapende prosjekt- og utviklingstiltak». Det er kjempeflott! Men for små folkebibliotek er det vanskeleg å få tak i desse midlane fordi vi verken har tid til å søkje om midlane, eller har krefter til å arrangere med kanskje berre ein eller to personar som jobbar på biblioteka. I tillegg er det slik at det som kanskje er nyskapande hos små distriktsbibliotek, som til dømes ein språkkafe eller eventyrstunder, ikkje er særleg nyskapande på landsplan der store bibliotek allereie har drive med dette i mange år.

Biblioteka er limet i lokalsamfunna. Etter kvart som dei fleste tradisjonelle møtestadane har forsvunne er det berre biblioteket som står att som ein gratis møtestad for absolutt heile befolkninga. Her er alle velkomne og vi er ein av dei viktigaste stadane for integrering. 

Stryn er ein av mange kommunar der biblioteket lenge vore lite prioritert. Det er fleire år sidan filialane vart lagde ned og bokbussen og bokbåten forsvann frå kommunen. Stryn er den fjerde største kommunen i fylket i høve til folketal, men har berre 1,3 stillingar på folkebiblioteket, i tillegg til ei halv stilling som skulebibliotek for vidaregåande. Dette gjer at biblioteket i Stryn er blant dei verst stilte i landet når det kjem til personalressursar i høve til folketalet. Dette går så klart utover den servicen vi kan yte til våre brukarar. Mange oppgåver blir utsett og nedprioritert. Men først og fremst får vi ikkje tid til det vi meiner er aller viktigast: Formidle litteraturen til barn, unge og vaksne.

I 2015 søkte Stryn bibliotek om midlar frå Nasjonalbiblioteket til eit prosjekt kalla «Tidlege bokormar i Stryn». Vi fekk midlar! I tillegg fekk vi utviklingsmidlar frå kommunen som gjorde at ein av våre bibliotekarar i 2015 fekk ei ekstra 20 % stilling som ho berre skulle bruke til formidling av barne- og ungdomslitteratur. Ho reiste rundt til skular og barnehagar i vår langstrakte kommune der barna sjeldan fekk høve til å besøke biblioteket, ho arrangerte lesestunder på biblioteket for barnehagebarn i kommunen,  og ho reiste på foreldremøter i skular og barnehagar for å formidle leseglede og litteratur.

Lesestund på biblioteket. Foto Stryn bibliotek.jpg

Dei gode tilbakemeldingane let ikkje vente på seg. Dette hadde vore etterlengta, og barna storgledde seg til kvart besøk. Lesestundene på biblioteket vart så populære at vi måtte sette opp ekstraførestillingar, og ho hadde aldri problem med å fylle stillingsprosenten som vart avsett. Då statistikken for 2015 var klar viste det seg også at biblioteket hadde hatt ei auke i lån til barn og unge med nesten 30 %! Så lite skulle altså til. Men den lesegleda som vår bibliotekar Marthe klarte å formidle i ei lita 20 % stilling kan uansett ikkje talfestast. Den må opplevast.

Midlane var berre for eitt år, så no er det slutt med jamlege lesestunder på biblioteket og slutt på å reise rundt til grendaskular og grendabarnehagar kvar veke. Med 42 timar opningstid i veka og ofte berre ein på jobb kvar dag har vi ikkje lenger mogelegheit til å reise ut av biblioteket, sjølv om vi meiner at dette er noko av det viktigaste arbeidet vi gjer.

Her på biblioteket i Stryn drøymer eg om eitt årsverk til. Det er ikkje mykje i eit stort kommunebudsjett, men hadde betydd utruleg mykje for oss og den jobben vi då kunne utført for alle innbyggarane i kommunen. Unge og gamle. Planane er mange. På andre bibliotek i fylket set det kanskje berre ein bibliotekar i ei 50 % stilling. Tenk kva ein person til på desse biblioteka kunne tilført kommunen. Forskinga viser at for kvar krone som blir tilført biblioteka så får samfunnet fire tilbake. Dette er forsking eg trur på!

Stryn bibliotek på nett: strynbibliotek.no

Kommentarer