Portrettbilete

No blir frisøren grøn

Du har kanskje nylig vore til frisøren ein tur for å fikse på håret. Men har du tenkt over kva du utsett både hud, hår og luftvegar for, idet du sett deg ned i stolen og ser deg i spegelen? I dag er det meir vanleg enn uvanleg at produkt i salongen inneheld kjemikaliar som kan vere både kreft- og allergiframkallande og ha hormonforstyrrande effekt. 

Det er nesten blitt vanleg at både frisørar og kundar opplev å få allergi mot stoff ein kanskje ikkje har høyrd om. Produkt som er vanleg å bruke kan nemleg innehalde både MI, paraben og PPD. Det mest vanlege å få allergi mot er PPD, som er mykje brukt i hårfarge.

Visste du at den gjennomsnittlege frisøren må finne seg eit nytt yrke når dei er 29 år gamle, på grunn av allergi som gjer at dei ikkje kan nytte produkta som er krav i yrket sitt? Dette tilsvara læretida og nokre få år i jobb! Ein av dei som har opplevd dette er Alise Kvammen. I løpet av læretida, opplevde ho å få allergi mot PPD. Dette ville til vanleg ha betydd slutten på karrieren som frisør. Men det finst ei anna løysing, nemlig å bruke produkt utan desse omstridde stoffa.

Ho har nyleg opna frisørsalongen Floke i Førde der dei bruker produkt heilt utan desse stoffa. Ein del av produkta kan ein også kalle økologiske. Men kva er fordelane med å satse grønt?

Etter å ha snakka med ulike personar som har tatt valet å satse grønt har nokre hovudfordelar kommen fram. Den aller største fordelen for både kunden og frisøren er at ein slepp å risikere å få allergi, eksem og luftvegsplagar for å bli fin på håret. Frisørar kan jobbe til normal pensjonsalder og sjukefråværet går ned. Ein jobbar i tillegg meir teoretisk og får dermed meir kunnskap om faget sitt.

Ein annan fordel er dette at det er mykje rolegare atmosfære i salongen, ein slepp lukta av kjemikaliar og kan vere trygg på at det er null ”fy-stoff”. I tillegg opplever nokre blant anna at hårfargen har betre kvalitet grunna at ein kan blande fargane meir fritt.

Etter 10 år med stoff som MI, PPD og paraben har frisørar 70 % større sjanse for å utvikle ulike kreftformer som blærekreft og brystkreft. Dette fordi dei mange timar om dagen pustar inn alle stoffa som finst i produkta, men òg fordi stoffa absorberast inn i blodbana gjennom huda, sjølv om ein brukar hanskar. Men kvifor fortsetter vi likevel å utsette oss for stoffa som gjer oss sjuke?

Kanskje er det mangelen på kunnskap om farane ved langsiktig bruk. Mange tenkjer ikkje over kva det fører til, før ein sit med plagar ein aldri blir kvitt.  Plagar som kunne vore førebygd om dei omstridde stoffa hadde vore unngått.

Kvifor veljar vi å utsette oss for det som tærer på helsa? Kvifor fortsett vi med stoff som over tid kan føre til allergi og kreft, når det finst andre alternativ? Alternativ som gjer at ein kan jobbe med yrket ein elskar, heilt til ein vil gå av med pensjon. Valet er opp til kvar enkelt. 

Linda sin blogg: lindaso.blogg.no

Kommentarer

  • Spennande!

    Dette var spennande lesing om eit tema eg visste lite om frå før. No fekk eg nesten lyst å ta turen til Førde neste gong eg skal til frisøren :)

    2015-10-10 07:37:13
    [Svar]