Førdekonferansen 2016

Førdefestivalen 2016 flyer

Førdekonferansen 2016 vert arrangert torsdag 7. juli og har fått tittelen "Kulturens kraft i eit samfunn i endring". 

Den auka tilstrøyminga av flyktningar til Noreg set oss på prøve – men gir òg det norske samfunnet større mangfald og fleire menneskelege ressursar. Kan kulturen spele ei hovudrolle i tider med store samfunnsendringar? Kvifor kan nettopp kultur vere ei viktig endringskraft? Og kan eit auka mangfald gå på bekostning av norsk kultur, identitet og verdiar eller snarare bidra til auka innovasjon?

På Førdekonferansen 2016 møter du spanande innleiarar som kan gi oss innblikk i korleis kulturlivet kan vere med på å gjere mangfaldet i Norge opnare. Vi tek også opp utfordringar som kan vere knytta til eit auka mangfald. Men like viktig blir DU. Konferansedeltakarane vil bli utfordra og engasjert konkret på sine tankar og idear for å mobilisere kulturens kraft i den endringa vi som samfunn no står oppe i.

Konferansen startar kl. 10.00. Registrering og kaffi frå kl. 09.30.

Inkludert i konferansen: Offisiell mottaking (kl. 17.30) i samband med opninga av festivalen og billett til opningskonserten på Førdefestivalen (kl. 19.30).

Meld deg på/kjøp billett til konferansen

Program for konferansen

  • 10.00 Opning ved styreleiar Kristin Hille Valla og ordførar Olve Grotle
  • 10.15 Himanshu Gulati - statssekretær ved statsministerens kontor: Kultur som plattform for integrering.
  • 10.35 Hamzeh Alsheiko, vitskapleg assistent Sosiologisk institutt, UiB: Til Norge som flyktning – korleis knekke koden?
  • 10.50 Mahmoud Farahmand, talsperson for LIM: Integreringsutfordringar i eit liberalt samfunn.
  • 11.10 Hallgeir Isdahl, Sparebanken Vest: Mangfald som innovasjonskraft.
  • 11.30 Kaffipause
  • 11:45 Dominic Wilson, informasjonssjef ved Black Box Theatre: Åpne opp! Erfaring fra Nordic Black Box Theatre om å opne dører og hovud.
  • 12.00 Terje Heggheim, rådmann i Florø kommune: Flora Kommune - Med integrering på agendaen.
  • 12.15 Ole Hamre, grunnleggjar av Fargespill: Ryggmargsrefleksjoner
  • 12.30 Lunsj
  • 13.30 Verkstad: Korleis kan vi mobilisere kulturens kraft?
  • 15.15 Kaffipause
  • 16.30 Debatt/samtale

Førdekonferansen på Facebook.

Kontaktperson: Hilde Wiik, Førdefestivalen, tlf. 46 90 50 10 – hilde.wiik@fordefestival.no

 

Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.