Korleis vart fylket vårt eit fylke?

Sogn og Fjordane fylke vart oppretta i 1763 og er 250 år i år. Vi feirar jubileum. Men kva var det som førte til at Sogn og Fjordane vart oppretta?

Amt var namnet ein brukte før 1919 på det vi dag kallar fylke. Fram til 1763 var vi ein del av Bergenhus Amt - ei inndeling som omfatta det vi idag kjenner som Hordaland og Sogn og Fjordane. Når dette amtete vart delt i to fekk vi to amt: Søndre Bergehus og Nordre Bergenhus. Men kva var det som førte til at dette amtet vart delt i to?

Det er ein enkelt person som står bak opprettinga av fylket vårt, og det er Joachim de Knagenhjelm. Denne unge sogningen jobba som fullmektig hjå stiftamtsmannen i Bergen, men aller helst ville han vere amtmann sjølv. Med støtte frå stiftamtannen dro han til sentralstyresmaktene som sat i København og foreslo ei deling av amtet. Etter fleire rundar med brev og forhandlingar vart dei einige om ei geografisk deling av amtet med Kangenhjelm som amtmann i Nordre Bergenhus amt. Knagenhjelm busette seg på familiegarden på Kaupanger og vart fylket sin første amtmann (fylkesmann).

Kjelde: Fylkesarkivet

Emneord: 

Kommentarar

dette er veldig interessant!

dette er veldig interessant!

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.

Kommentarar

dette er veldig interessant!

dette er veldig interessant!