Når og korleis fekk fylket namnet Sogn og Fjordane?

Amt var eit ord som vart brukt i staden for fylke. Ordet fylke vart innført i 1918, og då fekk alle amta nye fylkesnamn.

Allereie i 1900 oppmoda Stortinget regjeringa om å finne nye, norske namn i staden for dei gamle namna som stamma frå tysk og dansk. Arbeidet med å finne nye namn vart starta opp i 1902. Fem em år seinare, i 1907, kom saka til fylkestinget som på den tida heitte Nordre Bergenhus amtsting. 27 stemte for og 7 stemte mot forslaget til nytt namn: Sygna og Firda syssel.

Men fylket vårt heiter ikkje Sygna og Firda syssel. I nye diskusjonar i 1915 kom fleire forslag: Eit fleirtal av amtsutvalet ville ha Firda og Sygnafylke, med andre i utvale og frå kommune styra foreslo Fjordane, Fjordane og Sogn, Sygna og Firdafylket, Sygna og Firda, Firda og Sygna, Sogn og Fjordane og til og med Firda og Nordre Bergenhus.

Frå regionale diskusjonar gjekk saka tilbake til regjeringa, og til slutt var det Kyrkje- og undervisningsdepartementet sitt framlegg, Sogn og Fjordane, som aert vedteke. Det nye fylkesnamnet vart teke i bruk 1. januar 1919.

Kjelde: Fylkesarkivet

Gamle amtnamn og nye fylkesnamn:

AmtFylkesnavn etter 1919
Smaalenenes amtØstfold
Akershus amtAkershus
Hedemarkens amtHedmark
Kristians amtOppland
Buskeruds amtBuskerud
Jarlsberg og Larviks amtVestfold
Bratsberg amtTelemark
Nedenes amtAust-Agder
Lister og Mandals amtVest-Agder
Stavanger amtRogaland
Søndre Bergenhus amtHordaland
Nordre Bergenhus amtSogn og Fjordane
Romsdals amtMøre og Romsdal (Møre frå 1919 til 1935)
Søndre Trondhjems amtSør-Trøndelag
Nordre Trondhjems amtNord-Trøndelag
Nordlands amtNordland
Tromsø amtTroms
Finnmarkens amtFinnmark

Kjelde: Store Norske Leksikon - De tidligere norske amtsnavnene

Emneord: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.