Bloggstipend for ungdom

illustrasjonsfoto

Er du mellom 15 og 27 år har du no sjansen til å søke om bloggstipend på 5000 kroner gjennom prosjektet "Mine meiningar på mitt språk". Inkludert i stipendet er også eit bloggkurs i september og påfølgjande skriving. Alle som likar å skrive og formidle på nynorsk kan søke.

Kriterium                                                                

For å søke om stipendet må du oppfylle desse kriteria:

  • Du må bu i Sogn og Fjordane
  • Du må vere mellom 15 og 27 år i 2015
  • Du må kunne forplikte deg til å skrive 3 blogginnlegg på nynorsk om 3 ulike tema og publisere desse på eigen, samt ein fylkeskommunal, blogg.
  • Dersom du får stipend må du delta på kurs laurdag 12. og søndag 13. september

Alle som fyller desse kriteria kan søke.

Kurshelg

Dei ti som vert valde ut får vere med på ei lærerik og inspirerande samling midt i september. Her vil deltakarane få diskutere med og bli inspirerte av kvarandre, samt lære om skriving, foto, marknadsføring og mykje meir frå erfarne fagfolk og bloggarar.

Korleis søker du

For å delta sender du inn ein elektronisk søknad. Som ein del av søknaden må du skrive nokre ord om kvifor du ønskjer å delta og legge ved eit kort «blogginnlegg» om eit valfritt tema. Dette innlegget må vere på mellom 200 og 500 ord.

Søknadsfristen er torsdag 27. august.

Fyll ut søknadsskjema

Bakgrunn for prosjektet

Sogn og Fjordane fylkeskommune, som står bak prosjektet «Mine meiningar på mitt språk», ønskjer å  inspirere fleire unge bloggarar i fylket til å skrive på nynorsk. Mange unge nynorskbrukarar endrar målform og skriv bokmål på nettet. Men nynorsk er eit språk for alle samfunnsområde, og fylkeskommunen vil støtte og motivere dei unge nynorskbrukarane som ønskjer å bruke sitt eige språk.

I 2012 vart Sogn og Fjordane fylkeskommune kåra til årets nynorskkommune. Premien var 100 000 kroner. Det er desse prispengane som finansierer kurs og bloggstipend for ungdom.

Sigrun Espe jobbar med digital kulturformidling i kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune og har ansvar for dette prosjektet. Ta kontakt for meir informasjon:sigrun.espe@sfj.no / 990 44 666

(Denne saka vart publisert på sfj.no/ungdomsblogg 22/6/2015)

Emneord: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.