Kultur­minne viktig satsing i Friluftlivets år 2015

Friluftslivets år 2015 vert offisielt opna 13. januar og målet er å få «heile Noreg» ut i friluft. Eit av satsingsområda er kultur­minne som opplevingsverdi og motivasjonsfaktor i friluftsliv. 

Gjennom heile 2015 skal Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet, organisasjonen Norsk Friluftsliv og alle samarbeidspartnarane motivere oss alle til å bruke våre eigne nærmiljø til friluftsliv. Satsinga "Friluftslivets år" er eit ledd i ein nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv som vart lansert i august 2013. Eit viktig prinsipp i strategien er å senke terskelen for å kunne utøve friluftsliv, noko som vert gjenspegla i satsinga på sentrumsnære turvegar her i Sogn og Fjordane

Eit viktig satsingsområde i Friluftslivets år 2015 vert kulturarven i friluftslivet. Både Riksantikvaren og Kulturvernforbundet er partar i satsinga, og kjem til å fremje kulturminna og kulturhistorien sine koplingar til friluftsliv og folkehelse. Kulturminne kan opplevast og kan motivere til aktivitet. Ved å merke opp historiske vandreruter i samarbeid med DNT håper Riksantikvaren både å lokke fleire ut på tur og å kunne gi turen ein ekstra dimensjon og turgåarane ei ekstra oppleving. Regjeringa slår fast at det i år skal satsast på "kultur­minner som opplevingsverdi og motivasjonsfaktor i friluftsliv".

Les meir på Friluftslivets år si eiga heimeside.

 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.