Kulturbloggen har flytta

Skjermdump, Liv og lys i huset i bygda.

Tidene endrar seg og det gjer også Kulturnett Sogn og Fjordane. For dei som har sakna Kulturbloggen kan vi melde om at denne har kome tilbake i ny form på www.sfj.no/kulturblogg

Kulturbloggen skal vere ein arena for kulturdebatt og for å fremje aktuelle tema innanfor det store og omfattande området «kultur». Vi ønskjer gjestebloggarar velkomne.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har tidlegare drifta ein kulturblogg gjennom Kulturnett Sogn og Fjordane. Denne var i fleire år ein god arena for debatt og diskusjon om store og små tema frå kultursektoren i fylkeskommunen eller for kulturinstitusjonane i fylket. Bloggarane var gjerne direktørar, avdelingsleiarar og tilsette ved kulturinstitusjonane, samt eit knippe engasjerte privatpersonar. Når vi no relanserer kulturbloggen håpar vi å opne debattarenaen for fleire engasjerte menneske i Sogn og Fjordane.

Ta ein tur innom kulturbloggen! 

Emneord: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.