Kultuminneløyper frå Sogn og Fjordane på Lokalhistoriewiki

Mange kjenner ikkje dei lokale og kvardagslege kulturminna i sine nærmiljø. For fem år sidan vart det utarbeida nokre kulturminneløyper i samband med Kulturminneåret 2009. Desse har nyleg vorte flytta over på Lokalhistoriewiki, og her kan alle vere med å vidareutvikle dei.

Kulturminneløypene vart satt opp både for å formidle kulturminne digitalt og for å fungere som guide til vandringar mellom kulturminna. Kommunar, fylke, institusjonar og frivillige satt opp løyper. Ein del var tema-baserte, som industrielle eller førhistoriske kulturminne, og ein del var reint geografiske.

Det vart i samband med dette prosjektet laga fire kulturløyper i Sogn og Fjordane:

 
På desse løypene kan ein mellom anna sjå gamle gardsbruk, skulehus, kyrkjer, vegar, gravfunn, industrianlegg, fortidsminne, naturfenomen, planteliv og infrastruktur. 

Lokalhistoriewiki

Lokalhistoriewiki er ein fag- og forskingswiki som vert drifta av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI). Det er først og fremst frivillige med interesse for og kompetanse innanfor dei fagområda wikien dekkar som skriv artiklar og lastar opp bilete. Både faghistorikarar og amatørar er velkomne som bidragsytarar. Alle som vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilete kan registrere seg som brukarar.

Kultuminneløypene har vorte flytta over til lokalhistoriewiki, og ein konsekvens av dette er at det vert enklare for folk å oppdatere, vidareutvikle eller lage nye kulturminneløyper. Om du er interessert i å lære meir om dette kan du ta kontakt med Sigrun Espe i kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Informasjon om Kulturminneåret 2009

 
Emneord: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.