Kulturminneprosjekt på Kinn

QR-kodar på Kinn. Foto Sogn og Fjordane fylkeskommune/Birgit Tansøy
QR-kodar på Kinn. Foto Sogn og Fjordane fylkeskommune/Birgit Tansøy

Besøkande til Kinn kan no lese bruke smarttelefonane sine som guidar medan dei vandrar mellom kulturminna på øya. Ved hjelp av ein app kan ein lese av QR-kodar som er plasserte ved kulturminna eller på informasjonsskilt, og få fram informasjonstekstar med illustrasjonar.

Øya Kinn ligg ut mot havet rett utanfor Florø og er ein del av Kystpilgrimsleia og Sunnivaleia. Kvart år kjem det mange turistar og pilgrimar til øya, og det har lenge vore eit sterkt ønskje om å få på plass meir informasjon om alle kulturminna på øya.

I samband med 30-årsjubileet til Kinnaspelet har Flora historielag og Sogn og Fjordane fylkeskommune samarbeida om å få på plass både skilt i naturen og informasjonstavle på kaien, samt informasjon på nettstaden digitaltfortalt.no. Opphaldet på øya vil med dette stimulere til meir aktivitet og besøk på øya, noko som igjen vil vere positivt for folkehelsa.

Kulturminna

Øya har ei rik historie heilt tilbake til steinalderen og fram i nyare tid. Frå jernalderen er det registrert fleire graver, hus- og nausttufter som mange besøkande på Kinn ikkje har kjend til. Det er hovudsakleg Per Fett som har registrert dei førhistoriske kulturminna på Kinn. Nokre av
kulturminna er arkeologisk undersøkt.

Steinkyrkja frå mellomalderen på nordsida av øya det mest kjende kulturminnet. I tillegg ligg det fleire hellerar på Kinn. Det rike silde- og laksefisket ved Kinn har også sett sine spor i nyare tid i form av bygningar og anlegg.

Det går ein sti rundt øya som fastbuande og besøkande brukar mykje. Langs denne stien ligg det fleire automatisk freda kulturminne som er synlege i dagen. I tillegg er det gjort eit grunnarbeid på å samle inn alle stadnamna på øya for ei tid tilbake. Desse namna er også viktige kulturminne som er synleggjort på kartet til skilttavla på kaia.

Nettstaden som er brukt, digitaltfortalt.no, er ein nasjonal portal til informasjon og forteljingar om kulturminne.

Sjå alle sakene om  Kinn på digitaltfortalt.no:

 

 

 Last ned prosjektrapporten: "Rapport frå oppføring av kulturminneskilt på øya Kinn".

Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.