Eit mangfald av kvinner

Utstillinga og prosjektet Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane er ei markering av hundreårsjubileet for kvinners stemmerett. Men den er også ein del av fylkesjubileet - vi feirar i år at Sogn og Fjordane fylke har eksistert i 250 år, og denne utstillinga set fokus på kvinnene i fylket.

Tekst av Sigrun Espe, først publisert i Kjelda #2 2013.

Kvinnene i Sogn og Fjordane har tradisjonelt ikkje gitt så høg lyd frå seg. Men kvinnene har utan tvil sett sine spor, og bana vegen for dei verdiane og den plassen kvinner i dag har, i sine lokalsamfunn og i det store samfunnsbiletet.

Samarbeidsprosjekt

Prosjektet Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane har vore eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Musea i Sogn og Fjordane og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Sidan i haust har ei arbeidsgruppe beståande av Anna Jorunn Avdem frå De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, Kjerstin Risnes og Marit Anita Skrede frå Fylkesarkivet og Sigrun Espe frå kulturavdelinga jobba med prosjektet.

Arbeidsgruppa

Arbeidsgruppa. Foto Aud Ross Solberg

I starten av prosjektet vart det grave fram informasjon om veldig mange kvinner frå heile fylket. Den tøffaste jobben i heile prosjektet var utveljinga av dei 26 kvinnene (ei frå kvar kommune) som skulle portretterast, sidan så mange andre flotte kvinner måtte veljast vekk. Arbeidsgruppa har hatt god hjelp frå andre tilsette på Fylkesarkivet og frå Sunnfjord Museum, Nordfjord Museum, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Kystmuseet.

Kvinnene

Eit av måla med utstillinga var å vise fram eit utval av kvinner frå fylket: Eldre og yngre, kjende og ukjende, lågmælte og høgrøysta, tradisjonelle og nyskapande. Vi kan blant anna lese om bondekona Rangele som gifta seg for tredje gong i ein alder av 80 år, og det med ein mann som var over 20 år yngre; Nikka Vonen som var folkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne i Fjaler; den engelske fjellklatraren Margaret som fell for ein Kvikne-gut og vart hotelleigarfrue i Balestrand; Ingeborg Grytten frå Askvoll som var prestedotter, salmediktar, ei av to kjende kvinnelege diktar i Noreg på 1600-talet og spedalsk; Sogndalsjenta Tone som vart nasjonal kjendis; Malla Moe frå Hafslo som var misjonær i Swaziland i over 60 år; og presteenkja Sara i Selje som skreiv dikt og hadde eigen fiskebåt.

Kvar for seg fortel kvart kvinneportrett ei personleg historie, men samla viser kvinnene fram eit fylke med mangfald og variasjon.

Konsert

Sigrid MoldestadLaurdag 4. mai vart utstillinga opna på Kaupanger. Sigrid Moldestad sine stemningsfulle tonar, gode ord og talar, god kortreist mat og ikkje minst alle dei flotte kvinnene portrettert i utstillinga, var med på å skape eit vellukka arrangement. 

Sigrid Moldestad var eit naturleg val når arbeidsgruppa skulle velje ut ein artist til utstillingsopninga. Gjennom prosjektet Taus i 2007 gjorde Sigrid ein viktig jobb med å fortelje historiene til spelekvinner frå Nordfjord og Sunnmøre. Ei av desse spelekvinnene, Samuline Seljeset frå Hornindal, har vorte ein del av denne utstillinga også. Gjennom sin musikk og sine tekstar skapte Sigrid ei naturleg og flott ramme rundt opningsarrangementet.

Vandreutstilling

Utstillinga representerer heile fylket. Ei kvinne frå kvar kommune er portrettert. I tillegg til desse 26 kvinneportretta er det fire plakatar som omtalar kvinner i eldre historie, kvinner i politikken, kvinner med makt og vegen fram mot ålmenn stemmerett. Utstillinga er trykt opp i tre eksemplar som kjem til å vandre rundt i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

I mai månad vart utstillinga opna på museet på Kaupanger, og 11. juni skal fylkestinget vere med på utstillingsopning på Sunnfjord Museum i Movika i Førde. Etter kvart kjem utstillinga til å verte satt opp også på Kystmuseet og på Nordfjord Museum.

Det er folkemusea i dei tre regionane som administrerer plakatsamlingane, så om de er interesserte i å låne utstillinga er det berre å ta kontakt med museet i din region eller med Kulturnett Sogn og Fjordane. Utstillinga skal også vere ein del av Den kulturelle skulesekken og det vert laga eit eige opplegg for ungdomsskular. Skular kan få dekka utgifter til transport for å sjå utstillinga ved eit av musea.

Digital formidling

Alle kvinnene i utstillinga er å finne på kvinnestemmer.net, prosjektet si eiga nettside utvikla av Mariell Øyre, som også står bak formgjevinga av plakatane.

På nettsida kan ein finne fleire bilete, fleire tekstar, kjelder og bakgrunnsstoff, samt lydfiler. Dei som har ein smarttelefon kan også få fram mykje av denne ekstrainformasjonen gjennom mobilapplikasjonen Layar samtidig som ein går rundt og ser på utstillinga. Ved å satse på digital formidling i tillegg til plakatutstillinga håper vi å nå ut til enno fleire med prosjektet. Vi håper også at nettsida kan leve vidare i fleire år og vere ein ressurs for skular og andre som jobbar med kvinnestemmeretten og kvinnehistorie i fylket.

På Flickr kan de sjå fleire bilete frå utstillingsopninga: www.flickr.com/kulturnettsfj.

 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.