Stortingskvinner

Stortingskvinner frå Sogn og Fjordane

Valet er over, og stortingskandidatane er klare: to menn og to kvinner skal representeret fylket vårt i neste periode. Det er verd å merke seg at Liv Signe Navarsete og Ingrid Heggø er to av berre seks kvinner totalt som har representert Sogn og Fjordane på Stortinget.

 

Seks kvinner frå Sogn og Fjordane har gjennom tidene representert fylket på Stortinget. Til samanlikning har meir enn 100 menn frå fylket vore stortingsrepresentantar. Det tok 155 år før ei kvinne frå fylket møtte på Stortinget. -kvinnestemmer.net

Ambjørg Sælthun var den fyrste kvinnelege stortingsrepresentanten frå Sogn og Fjordane. Ho representerte Sepnterpartiet og møtte på Stortinget frå 1969 til 1985, dei fire fyrste åra som vara. Samstundes sat ho i kommunestyret i Lærdal frå 1971 til 1975. Ambjørg engasjerte seg for folkehøgskulane, ho var oppteken av vilkåra til sjukepleiarane og var ein av dei fyrste som tok til orde for omsorgslønn. Ho stod bak ein større tverrpolitisk kvinneaksjonen mot pornografi på slutten av 1970-tallet. Ambjørg Sælthun fekk i 2008 kongens fortenestemedalje i gull.

Etter Ambjørg sat Astrid Marie Nistad frå Arbeiderpartiet (1989-2001), Jorunn Ringstad frå Senterpartiet (1989-2005), Heidi Grande Røys frå SV (2001-2005), Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet (2001-dd) og Ingrid Heggø frå Arbeiderpartiet (2005-dd).

Les meir om stortingskvinnene og om andre kvinner frå Sogn og Fjordane på heimesida til prosjektet Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane: http://kvinnestemmer.net.

Foto: Ambjørg Sælthun, Astrid Marie Nistad, Jorunn Ringstad, Heidi Grande Røys. ©Stortingsarkivet/Scanpix


Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.