Kva er eit kulturminne?

Kvern ved Jølstra. Foto Ragnar Bull
Kvern ved Jølstra. Foto Ragnar Bull

Kva er kulturminne? Eit naust? Ein telefonboks? Stabbur? Eller eit industribygg? Her finn du meir informasjon om og bilete av kulturminne rundt om i heile fylket.

Kulturminne er definert som alle spor etter menneskeleg verksemd i det fysiske miljøet rundt oss. Dette gjeld også stader det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til. 

Mangfaldet av kulturminne er stort og samansett, både i tid, rom, form og uttrykk. Her er nokre eksemplar på kva kulturminne kan vere:

  • Gardstun
  • Industrianlegg
  • Båtstøer
  • Sjøbuer
  • Naust
  • Bustader
  • Fritidsanlegg
  • Gudshus, gravminne og heilage stader
  • Vegar og stiar
  • Bergkunst
  • Visuelle uttrykksformer
  • Immaterielle kulturminner
  • Og mykje meir...

I høve 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane fylke i 2013 arrangerte prosjektet Lokale kulturminneplanar ved Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune ein fotokonkurranse med kulturminne som tema. Dei innsendte bileta skulle avbilde eit eller fleire kulturminne som fotografen meinte fortel noko om Sogn og Fjordane.

Alle bileta som vart sendt inn kan ein sjå på fylkeskommunen si Flickr-side eller i ramma under. Nokre av desse bileta har ein lisens som tillet vidarebruk, men ikkje alle - gå inn på Flickr og sjå under "i" for informasjon kva lisens kvart bilete har. Om du er usikker på kva lisens som tillet bruk kan du lese meir om cc-lisensar i artikkelen: "Kva bilete kan ein bruke"


Created with Admarket's flickrSLiDR.

Emneord: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.